La elevane dykke ned i mysteria i livet 
 
Å vekkje nysgjerrigheita til elevane for livet på jorda, gir dei ei forståing for kor kompleks naturen er og for kva plass vi menneska har i det store biletet. Gjennom utforsking og undring kan dei lære om alt frå dei minste insekta til dei største vulkanane.  

Undervisningsopplegget lèt elevane bli kjent med dei fascinerande liva til småkrypa som er viktige brikker i økosystemet vårt. Dei får utforske korleis årstidene påverkar alt liv på jorda, frå planter som fortel oss kva som skjer i naturen, til dyr som tilpassar seg endringane. Gjennom eit artig vulkan-eksperiment lærer dei om jordas indre krefter og dei får sjå korleis eit vulkanutbrot kan sjå ut i miniatyr.  

Bruk dette undervisningsopplegget til å skape engasjerande og lærerike opplevingar for elevane dine. La dei undre seg, stille spørsmål og utforske kor fantastisk naturen er!  

Helsing oss i Nysgjerrigper  

Tema frå Nysgjerrigper 2024

I løpet av året planlegg vi å sende ut jamlege nyheitsbrev med inspirasjon til undervisning. Temaa blir:

Meld deg på nyheitsbrev

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10 desember 2024, 13:27 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.