Dramatisering av jorda som snurrar

Kvifor vi har årstider? Lag hypotesar om kvifor vi har årstider. Og gjer eit eksperiment: Dramatisering av jorda som snurrar.

appelsin og legomann

Haust, vinter, vår og sommar er kjende uttrykk for deg, men har du nokon gong lurt på kvifor me har årstider?

Forslag til hypotesar: 

Les påstandane om årstider under. Kva trur du stemmer? Er det nokon du trur stemmer litt eller ikkje i det heile?  

- Alle folk på jorda deler året i fire delar.      
- Det er sommar på heile jorda samtidig.   
- Temperaturen i Noreg endrar seg med årstidene.      
- Haren skiftar pels på grunn av årstidene.   
- Årstidene for 100 år sidan var akkurat slik årstidene er no.  
- Fuglane i Noreg flyg sørover om våren og nordover om hausten. 

Oppgåve:  

Skriv din eigen hypotese om årstidene. Du kan skrive ein av påstandane over eller lage ein heilt ny hypotese. Det viktigaste er at du forklarer kvifor du trur det er slik.  

Gjer eit eksperiment: Dramatisering av jorda som snurrar

I rolla som jordklode: ein appelsin.  
I rolla som Noreg: ein legofigur.   
I rolla som sola: ei lommelykt. 

Utstyr:  

  • Appelsin 
  • strikkepinne 
  • Lommelykt, legofigur og tack-it ("lærarkitt") 
  • svart sprittusj  

Framgangsmåte: 

  1. Stikk strippepinnen gjennom appelsinen frå toppen til botnen.  
  2. Teikn ekvator og polarsirkelen på appelsinen med ein sprittusj.  
  3. Fest ein legofigur med tack-it omtrent der Noreg er.  
  4. Hald i endane av strikkepinnen slik at han får ein rett vinkel på golvet.  
  5. Tenn lommelykta og plassar ho slik at ho peikar rett på ekvator.  
  6. Snurr jordkloden.  
    Korleis treffer solstrålane frå lommelykta jordkloden? Snakk saman.  
  7. Snu strikkepinnen omlag 20–30 gradar slik at han står litt på skrå. 
  8. Pek med strålane frå lommelykta mot ekvator.  
  9. Snurr jordkloden medan han står på skrå. 
  10. Korleis treffer strålane frå lommelykta jordkloden no? Snakk saman.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10 desember 2024, 12:31 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.