Til lærarene

Vi i Nysgjerrigper er stolte av å introdusere eit heilt nytt og spennande 
undervisningsopplegg  der vi utforskar opphavet til det norske flagget - akkurat i tide til Noregs nasjonaldag. 
 
Vi håpar dette opplegget vil inspirere og engasjere elevane gjennom lesetekster, kreative aktivitetar, og lærerike oppgåver. Elevane får utforske korleis og kvifor Noreg fekk sitt eige flagg og betydninga bak fargane, og dei får også lære om den talentfulle personen bak designet av flagget vårt.

I arbeidet med flagget kan de nytte høvet til å øve på relevante omgrep. Snakk om fargar, former, mønster, posisjonar, retningar, tal og storleikar.    

  • Elevane får også lære om konsept som vassrett, loddrett og ulike preposisjonar. Bruk av små kakeflagg og ein klump med plastelina vil hjelpe elevane i læringsprosessen deira.  
  • La også elevane utforske og samanlikne blåfargen i det norske flagget med han i det svenske flagget.
  • La elevane arbeide med ulike nyansar av raudt og blått, og la dei oppdage kor ulikt til dømes ein raudfarge kan vere frå ein annan raudfarge.  
  • I arbeidet med storleiken og proporsjonane til flagget, kan yngre elevar bruke kladdebøker med kvadratiske ruter når dei teiknar flagga. Eldre elevar kan utfordrast til å bruke linjal for å måle og teikne flagga i rette proporsjonar sjølv.  
      

Tema frå Nysgjerrigper 2024

I løpet av året planlegg vi å sende ut jamlege nyheitsbrev med inspirasjon til undervisning. Temaa blir:

Meld deg på nyheitsbrev
Et bilde av et norsk flagg som vaier i vinden

Blåseeksperiment

Eksperiment med luftstraumar og få eit papirflagg til å blafre. Prøv også eit liknande eksperiment med vatn.

Blås rundt eit glas og få flagga til å blafre!

Morosame fakta om flagg

Det eldste flagget i verda er vore brukt sidan 1219! Vi har samla dette og andre morosame fakta om flagg de kan bruke i undervisnivvnga.

Les fakta om flagg
Trær i en grønn skog

Natursti

Vi har laga ein morosam natursti med 8 postar du kan lage for klassen.

Sjå oppgåvene til naturstien

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10 desember 2024, 12:14 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.