Musikk i undervisninga før skuleslutt

Eit av høgdepunkta i undervisningsopplegget om musikk er eit spennande oppdrag der elevane kan vere forskarar i kvardagen sin.​ Vi har og utarbeidd ni forsøksark som kan brukast anten som stasjonsundervisning eller som individuelle forsøk. Desse forsøka er utforma for å gi elevane handfast erfaring med lyd og moglegheit til å eksperimentere i klasserommet. Det følgjer med lærarrettleiing med forklåringar til alle forsøka.

​Som ekstraressurs har vi inkludert ein artikkel som utforskar kva musikk som er mest gunstig å jobbe til. Denne kan vere interessant for både lærarar og eldre elevar. Her får du innsikt i korleis musikk kan påverke arbeids- og læringsmiljøet.​

Bruk dei siste dagane før den etterlengta sommarferien til å spele musikk, syngje, lytte til klangar og rytmar. La elevane lære litt om notar og musikkhistorie. Kanskje de kan lage eigne rytmeinstrument som kan brukast på sommaravslutninga? Lær elevane å spele på grasstrå eller lag seljepipe viss de er utandørs. Lag eit rytmeorkester med pinnar eller steinar som blir slått mot kvarandre. Her er det berre å bruke fantasien. ​

Lykke til med innspurten!

Tema frå Nysgjerrigper 2024

I løpet av året planlegg vi å sende ut jamlege nyheitsbrev med inspirasjon til undervisning. Temaa blir:

Meld deg på nyheitsbrev

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 oktober 2024, 20:04 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.