Helse
Vi i Nysgjerrigper presenterer her eit nytt opplegg om helse. Å la barn forske på eiga helse gir dei innsikt i korleis vala deira påverkar kropp og sinn, samtidig som dei utviklar kritisk tenking og byggjer gode helsevanar som varer livet ut.
Intro til lærarane
Å la barn forske på eiga helse gir dei verdifulle verktøy for å forstå korleis kropp og sinn heng saman og korleis vala deira påverkar eigen kvardag. Gjennom å stille spørsmål, utforske og teste hypotesar, utviklar elevane ei djupare innsikt i viktige helseaspekt som søvn, latter og sosialt samvær. Gi elevane dei verktøya dei treng for å forstå og forbetre eigen kvardag gjennom engasjerande og forskingsbaserte oppgåver.
Undervisningsopplegga våre har søkjelys på korleis søvn og latter påverkar energinivået, humøret og trivselen til elevane. Desse praktiske og reflekterande aktivitetane gir elevane høve til å utforske korleis små endringar i kvardagen kan føre til store forbetringar i velværet og læringsutbyttet deira. Gjennom enkel forsking og dagbokføring, vil elevane oppdage verdien av god søvn og gleda av latter. Ta i bruk desse opplegga for å skape ein meir medviten, positiv og aktiv læringskultur i klassen din – og sjå forskjellen!
Helsing oss i Nysgjerrigper
Tema frå Nysgjerrigper 2024
I løpet av året planlegg vi å sende ut jamlege nyheitsbrev med inspirasjon til undervisning. Temaa blir:
- frø (naturfag og geografi)
- det norske flagget (samfunnsfag og kunst og handverk)
- korleis påverkar musikk oss (musikk og naturfag)
- språk (norsk)
- temaet på Forskingsdagane helse (mat og helse)
- møt ein forskar: meteorolog (geografi og naturfag)
Kvifor får ein tårer av å skjere løk?
Kva er det med tårer og løk eigentleg?
Gjer eksperiment om å skjere løk!