Korleis overlever haren vinteren?

Vi finn harar over nesten heile verda, i ørkenen i Afrika og på kalde Svalbard. Haren har tydelegvis mange gode strategiar for å overleve ulike temperaturar og årstider. Kva gjer han for å overleve vinteren i nord? 

Hare om vinteren kombinert med hare om sommeren

Undersøking: Sit på ein ballong!

I dette eksperimentet skal du undersøkje kva som skjer når du sit på ein ballong fylt med luft.  

Utstyr:

  • ein ballong til kvar 
  • ein stol  

Framgangsmåte: 

  • Blås opp ballongen til den er litt mindre enn ein fotball. 
  • Knyt igjen.  
  • Legg ballongen på stolen din og hald i knuten. 
  • Sett deg forsiktig, forsiktig på den! 
  • Sitt på ballongen i nokre sekund og kjenn etter om det skjer noko. 

Fagleg forklaring:   

 Kjende du at du vart litt varm i baken då du sat på ballongen? Kvifor? Og kva har dette med harane å gjere? 

Luft som varmeisolator 

Å varme opp luft krev lite energi. Då du sat på ballongen, var kroppsvarmen din nok til å auke temperaturen i lufta inne i ballongen så mykje at du kjende at det vart litt varmare. Då erfarte du at luft er ein veldig god varmeisolator. Det betyr at luft kan brukast til å halde oss varme. Om vinteren bruker vi ofte klede av ull. I ull er det mange små lommer med luft. Kroppen din varmar opp lufta og luftlommene er med på å halde deg varm. Det er ikkje berre vi menneske som bruker luft som varmeisolator. Det gjer mange dyr òg, og haren er eitt av desse.   

Les meir:

natursekken.no: Har varmeisolasjon noko med lydisolasjon å gjere?  
forskning.no: Haren slit med fargen når klimaet endrar seg

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10 desember 2024, 13:19 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.