Bur du på ein stad med ei typisk årstid for Noreg?
Typiske kjenneteikn på årstidene:
Haust
Gjennomsnittstemperatur i døgnet er mellom 0 og 10°C.
Mykje skyer og nedbør.
Mykje vind.
Frukt på trea.
Blada på trea forandrar farge og fell ned.
Trekkfuglar dreg.
Vinter
Gjennomsnittstemperaturen i døgnet er under 0°C.
Uroleg og sterkt vekslande vêr.
Mykje nedbør, delvis som snø.
Mange dyr går i dvale for å overleve vinteren.
Trær utan blad.
Plantane overlever vinteren som frø.
Vår
Gjennomsnittstemperaturen i døgnet er mellom 0 og 10°C.
Lite skyer.
Lite nedbør. Ofte ein del tåke.
Vårblomstrar.
Knoppane sprett på trea.
Trekkfuglane kjem tilbake.
Sommar
Gjennomsnittstemperaturen er over 10°C.
Lite skyer.
Stabilt vêr. Badetemperatur i sjøen.
Mykje blomstrar.
Grøne tre.
Bær.
Lag hypotesar
Du skal snart ut og leite etter kjenneteikn for årstidene de er inne i. Først skal du lage hypotesar om temperatur, vêr og tre.
1. Kva temperatur trur du det er ute no og kvifor?
2. Kva slags vêr trur du det er?
3. Kva slags årstid er det no?
4. Lauvtrea tilpassar seg årstidene der dei er for å overleve. Dei går gjennom bestemde fasar i løpet av året. Kva fase trur du lauvtrea er i der du er no?
- Nokre blad byrjar å skifte farge.
- Blada byrjar å falle av trea.
- Alle blada på trea har skifta farge.
- Det er ingen blad – treet står i vinterdvale.
- Dei første blada kikkar fram – dette vi kallar knoppsprett.
- Blada har folda seg heilt ut – treet er på sitt grønaste.
- Trea har rakkel med pollen.
- Nokre tre har byrja å spreie pollen.
- Nokre tre har blomstrar (til dømes epletre)
- Nokre tre har nøtter, frukt eller bær.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 10 desember 2024, 12:11 CET