Vulkanutbrot
Førestill deg eit fjell som spyr ut glødande lava, oske og røyk. Vulkanar er ein av dei mest spektakulære kreftene i naturen. Dei er opningar i jordskorpa der smelta stein, kalla magma, stig opp frå jordas indre og strøymer ut på overflata som lava. No skal du lage eit vulkanutbrot!
Visste du at det finst vulkanar som har utbrot som varer i mange år? Og at det som er mest farleg med eit vulkanutbrot ikkje nødvendigvis er lavaen, men dei glovarme skyene av gass, lava og stein. Dei blir kalla pyroklastiske straumar?
Utstyr
- ein tallerken (innandørs treng du to, den eine litt større enn den andre)
- ei tom halvliters brusflaske
- omlag ei halv flaske 7 % eddik
- 7 ts bakepulver
- aluminiumsfolie
- teip
Framgangsmåte
- Set flaska midt på tallerkenen.
- Ta aluminiumsfolie over flaska og fatet. Fest folien rundt kanten av fatet. Dersom du er inne, set du eit litt større fat under for å unngå søl.
- Trykk hol til krateret i toppen av vulkanen. Du kan til dømes bruke ei saks.
- Fest kraterholet med teip frå innsida av glasa til utsida av vulkanen.
- Hell 7 ts bakepulver i flaskekrateret.
- Viss du bruker raud konditorfarge, kan du helle fargen oppi flaska med eddik og blande dette.
Tips: Ta nokre dropar Zalo i eddiken for å få eit kraftigare vulkanutbrot. - Hell eddik fort over bakepulveret i krateret.
- Sjå kva som skjer.
Gode lenkjer til læraren (bokmål):
Forskning.no: Hvordan oppsto livet på jorda?
Forskning.no: Plantene forteller deg hva som skjer i naturen
Illustrert vitenskap: Vulkanenes ustyrlige krefter
Meldinger ved utskriftstidspunkt 10 desember 2024, 13:30 CET
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.