Forskarar lærer datamaskiner å oppdage falske nyheiter
Det er ikkje alltid lett å vite om det ein les, er sant. Eit omgrep du sikkert har høyrt om, er falske nyheiter.
Men kva er eigentleg falske nyheiter? Og kan vi lære datamaskiner å kjenne dei igjen? Dette skal språkforskar Silje Susanne Alvestad ved Universitet i Oslo, og forskargruppa hennar, prøve å finne ut av.
Falske nyheiter skal få deg til å tru på noko som ikkje er sant
Dei som lagar falske nyheiter, gjer dette for å få lesaren til å tru på noko som ikkje er sant.
Silje forklarer kva som kjenneteiknar falske nyheiter:
– Ei falsk nyheit er løgn, og det kan bevisast at det er løgn. Den som skriv den falske nyheita, lyg med vilje. Den falske nyheita er skriven for å lure lesaren, seier ho.
Datamaskiner kan lære
Språk- og datavitarar frå Universitetet i Oslo og SINTEF samarbeider med forskarar i utlandet for å lære datamaskiner å kjenne igjen falske nyheiter på norsk, engelsk og russisk. Det gjer dei mellom anna ved å kombinere språkforsking og maskinlæring.
Forskarane skal vise datamaskiner mange døme på ekte og falske nyheiter. Etter å ha studert falske nyheiter, har forskarane ein hypotese om kva datamaskina kan sjå etter.
– Vi har ein hypotese om at falske nyheiter til dømes oftare bruker “eg” og sterkare ord og uttrykk, og oftare skriv i notid, seier Silje.
Det er ikkje sikkert at det er så lett, men tanken er at datamaskina skal sjå etter slike forskjellar og etter kvart sjølv klare å kjenne dei igjen. Når ei datamaskin har lært å kjenne igjen ting på denne måten, blir det kalla maskinlæring.
Kan gjere jobben lynraskt
Ei datamaskin som har lært å kjenne igjen forskjellen mellom ekte og falske nyheiter, klarer å gjere denne jobben utruleg mykje fortare enn eit menneske.
Så står det att å sjå om forskarane får dette til!
Meldinger ved utskriftstidspunkt 24 mai 2025, 22:58 CEST