Favorittboka
Kvifor blir nokon bøker veldig populære?
Start med å la elevane skrive eller teikne forslageine sine til kvar si favorittbok utan at dei kan samkøyre svaret sitt med bestekompisen. Skriv opp svara deira
på tavla og sorter dei i kategoriar. Er det spenningsbøker, grøssarar, romanar, noveller, biletbøker, dikt eller faktabøker som vinn? Gå gjerne på eit bibliotek
og sjå korleis bøkene er kategoriserte etter sjanger og forfattar. Vis dei at det er eigne avdelingar for barn og vaksne.
Dei tilsette på biblioteket har sikkert ei oversikt over kva bøker som blir mest lånte ut og som er mest populære. Kanskje elevane dine kan intervjue ein bibliotekar? Bokhandlarane har nok også ei oversikt over kva bøker som sel godt og som dei bør ha inne til kvar tid. Kva trur elevane påverkar om ei bok blir populær?
Spør også andre trinn ved skulen om kva bøker som er populære. Er det store forskjellar i smaken mellom dei ulike alderstrinna? Sjå på konkurransen Bokslukarprisen og sjå kva barn og unge skriv der i omtalene sine om dei ulike bøkene. Er det noko som går igjen i bokmeldingane?
Elevane har kanskje akkurat delteke i Sommarles (lesekampanjen til biblioteka for barneskuleelevar i sommarferien)? Var det bøker dei oppdaga i denne
perioden som dei kan fortelje meir om?
Lag bokomtalar, søylediagram og lag ei flott utstilling over dei bøkene mange tilrår. Skulens ti på topp-liste kan vere ein god start og involvere fleire til å gi omtalen sin av ei god bok. Det kan også inspirere dei som ikkje er fullt så glad i å lese til å byrje på ei bok.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8 oktober 2024, 02:34 CEST