Handskrift

Er det forskjell på korleis vi lærer viss vi skriv for hand i forhold til å skrive på data?

Jente som sitter og skriver i en bok og en gul dubins strek over bildet

Tips til undervisning

3.-7. trinn

Start med å la elevane komme med hypotesane sine om korleis dei lærer best sjølv. Dette kan gjerast som ein kort diskusjon i klassen og at kvar elev formulerer og skriv ei setning eller to for korleis dei sjølv trur dei lærer best. 

Forklar elevane kva testen går ut på. Gjer det klart at målet er å undersøkje kva metode som hjelper dei best med å hugse nye ord.

Testinga

La elevane skrive for hand 15 ord på papir. Forklar at dei skal prøve å memorere desse orda, då dei vil bli testa på kor mange av orda dei hugsar seinare. Ta tida og bruk like lang tid på å lese opp kvart enkelt ord i begge gruppene (både dei som skriv for hand og dei som skriv på tastatur).

Ta ein pause, til dømes eit friminutt, og sjekk deretter kva ord elevane kan hente fram og skrive opp på nytt på papir. 

Neste dag kan du la elevane skrive 15 nye ord på ein PC eller iPad. Forklar at dei skal prøve å memorere desse orda òg. Ta ein like lang pause som ved tidlegare forsøk og sjekk kva ord elevane kan hente fram no etter å ha skrive på tastatur.

I slutten av veka kan de sjekke kva ord som sit igjen i minnet til elevane. Samanlikn kor mange ord frå kvar liste (handskrift vs. tastatur) som elevane hugsar. Sjekk kva liste som har flest treff. Diskuter resultata med elevane og sjå om dei samsvarer med dei opphavlege hypotesane deira.

Evt. kan de ta ei ny undersøking der elevane i tillegg til å skrive ordet får lov til å lage enkle små strekteikningar til kvart ord dei skriv for hand. På data kan dei evt. skrive ei setning eller leggje til ein liten definisjon av ordet. Korleis påverkar dette innlæringa? Sjekk ut og forsk på beste innlæringsmetode. 

Første omgang (handskriving)

Andre omgang (på tastatur)

Katt
Bok
Lampe  
Konge  
Sol
Saft
Fisk 
Hus
Bil
Solbrille
Blomst  
Stol
Vann
Blå
Hoppe
Dør  
Skole    
Hage
Mus
Vindu
Tegne
Maling  
Tak
Rød
Is
Blyant
Eple
Telefon
Kopp
Melk

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8 oktober 2024, 02:21 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.