Test høyrselen

Kor vanskeleg er det å høyre ei knappenål falle på golvet? Ta med deg ein venn på eit lite eksperiment!

En jente holder den ene hånden opp mot øret og lytter til lyder
Foto: Shutterstock

Du treng:

  • ein venn
  • ei knappenål
  • eit metermål
  • eit stille rom

Slik gjer du:

  1. Skru av alle bråkete ting i rommet. 
  2. Still deg i den eine enden av rommet med ansiktet vendt mot veggen. 
  3. Få vennen din til å sleppe ei knappenål på golvet. Først to meter frå deg, så tre meter frå deg, deretter fire meter frå deg, osv. Heilt til du ikkje høyrer henne lenger. 
  4. Mål kor langt unna du høyrde knappenåla, og test vennen din på same måte.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 21:38 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.