Det spirer

Våren er her! Det er tida då blad og knoppar spring ut og alt blir litt grønare og lysare. Her er nokre spireforsøk og planteforsøk du kan utføre uansett årstid.

Spirer som vokser
Foto: Shutterstock

Lynspiring

Dette treng du:

  • ein stor lynlåspose
  • frø
  • litt tørkerullpapir
  • eit vindauge
  • papp til ei husform
  • teip

Slik gjer du:

  1. Finn ein bit tørkerullpapir (ca. 20 cm).
  2. Fukt papiret og legg det i botnen av posen.
  3. Legg 1–3 frø oppå papiret i posen. Blås posen bitte litt opp og lukk han godt igjen.
  4. Teip posen fast på eit vindaugsglas. Posen skal henge slik at han får så mykje lys som mogleg. Lag eventuelt eit «hus» i papp rundt posen, så blir han penare å sjå på.

Kva skjer:

Inni posen får frøa fukt frå det våte papiret. Sidan posen er lukka, held dette vatnet seg inni posen. Sollyset skin inn i posen og varmar han opp. Vatnet vil fordampe og spreie seg rundt i posen. Alle frø treng lys, vatn, næring og karbondioksid (CO2) for å spire. Posen blir akkurat som eit lite drivhus, og frøet spirer.

Undrespørsmål:

Kva trur du skjer inni posen etter to veker dersom du ikkje opnar han?

Illustrasjon av hvordan man utfører Det spirer eksperimentene
Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Hinderløype

Dette treng du:

  • ein stor drikkekartong
  • pappbitar
  • teip
  • aluminiumsfolie
  • strikk/tau
  • eit bønnefrø
  • jord
  • ei bitte lita potte
  • saks

Slik gjer du:

  1. Finn ein stor og tom drikkekartong. Vask og tørk han godt inni.
  2. Klipp opp ei av sidene slik at du får ei dør i kartongen.
  3. Klipp også ut eit hol i toppen av høgre side av kartongen.
  4. No skal du lage di eiga hinderløype for spira og sjå kva som skjer. Inni kartongen teipar du fast pappbitar. (Sjå på bilda på plakaten.) Bitane må ikkje vere så store at dei tettar heile arealet i kartongen. Det må vere ei opning slik at spira kan kome forbi. Bruker du ein 1 ½ liters mjølkekartong, er bitar på cirka 9 x 5 cm fint.
  5. Dekk heile utsida av mjølkekartongen med aluminiumsfolie. Pass på at du får eit hol i toppen av kartongen. Her skal det kome inn lys til frøet.
  6. Plant eit frø i jord og set den vesle potta inn under pappbiten som er lengst nede.
  7. Vatne godt.
  8. Lukk døra på kartongen og fest henne med ein strikk eller eit tau. Prøv å gjere kartongen så tett som mogleg. Det skal berre kome inn lys til frøet frå holet i toppen.

Kva skjer:

Set mjølkekartongen på ein varm og lys stad. Inni kartongen er det no mørkt. Frøet har fått vatn og næring og vil begynne å spire. Sidan det berre kjem lys inn i toppen av kartongen, vil spira strekkje seg mot lyset. Pappbitane du har sett opp, vil hindre spira på vegen. La spira vekse og gro. Lukk opp døra berre når du må vatne.

Tips!

Frøa som spirer fortast og best, heiter «Vita bønor» og Kidneybønner. Det er tørka bønner som blir selde i helsekostforretningar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. juni 2023, 08:03 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.