Løyndommane til vikingskipet

Når rike og mektige vikingar døydde, vart dei gjerne gravlagde i skipa sine. Vikingane trudde at dei skulle reise vidare til dødsriket. På den tida var båt den beste reisemåten, så då var det kjekt å leggje den døde personen i eit skip.

Ei av desse skipsgravene vart oppdaga utanfor Halden i 2018. Her ligg nemleg Gjellestadskipet. Treverket har rotna bort, så det er framleis mange uavklarte spørsmål. Var det ein turbåt som segla langs kysten? Eller var det eit krigsskip med vikingar som var klare for å plyndre?

Margrethe K.H. Havgar er utdanna arkeolog. Ho fortel at Gjellestadskipet sannsynlegvis stammar frå ein gong på 700-talet. Det vil seie anten tidleg vikingtid eller den aller siste delen av perioden før vikingtida, som blir kalla merovingartida.

«Bil» på 700-talet

Margrethe fortel at skip i vikingtida fungerte litt som bilane vi bruker i dag.

– Å reise på vatnet var den aller raskaste måten å reise på. Som på motorvegar i dag, seier ho.

Akkurat som vi bruker bilen for å reise på besøk, feriar, skule og jobb, brukte vikingane skip av ulike grunnar.

– Gjellestadskipet kan ha vore mange ulike typar skip. Det kan ha vore eit krigsskip, eller ein turbåt, seier Margrethe.

Kanskje har det hatt ei mast. Det var nødvendig viss ein skulle segle langt av garde.

– Det kan òg ha vore ein robåt, seier Margrethe.

Margrethe K.H. Havgar er arkeolog (Foto: Ingrid Schou)

Då måtte ein ha eit mykje større mannskap som kunne ta årene fatt.

– Det kan bety at den eller dei som eigde skipet, har vore ekstra rike eller mektige, seier Margrethe.

Ho fortel at vikingane var geniale skipsbyggjarar. Når dei bygde skip, brukte dei mindre treverk enn det som var vanleg.

– På den måten vart skipa lettare og raskare enn skipa andre hadde, seier Margrethe. Då kunne vikingane plyndre kjapt, ofte utan å bli sett før dei kom eller bli tekne når dei drog, seier ho.

Konfliktfylt tid

Margrethe fortel at arkeologane finn ting frå vikingtida som viser at det var ein del konfliktar.

– For eksempel er det mange av gravene som har mykje våpen i seg, seier Margrethe.

Ho fortel at arkeologane kanskje har funne spor etter ei øks i Gjellestadskipet.

– Vi er ikkje heilt sikre på dette enno, fordi sjølve øksa er borte, og vi har berre igjen eit vagt omriss. Det kan jo kanskje tyde på at den som vart gravlagd i skipet, har vore i krig eller kjende nokon som har vore det, seier ho.

Margrethe fortel at vikingane var krigerske, men samtidig var dei ikkje berre det.

– Vikingane drog ofte på ferd for å oppdage nye stader. Dei handla med andre og tok med seg nye ting heim, seier ho.

Mange dreiv med gardsbruk eller ulike handverk, som for eksempel smiing.

– Kvifor var vikingtida så konfliktfylt?

– Det kunne handle om land, og om kven som eigde kva. Det kunne òg bli konfliktar viss nokon opplevde å bli behandla dårleg eller respektlaust av andre. Eller eventuelt at nokon rett og slett berre var skikkeleg kjipe og ville ta noko som eigentleg var nokon andre sitt, seier ho.

– Det verkar òg som om det var mykje vanlegare å bruke vald for å «gjere opp for seg» eller for å løyse konfliktar enn det er i dag, seier Margrethe.

Det kan jo verke litt sjølvmotseiande å løyse konfliktar med vald. Margrethe seier at det til tider kan vere vanskeleg å skjønne kvifor vikingane gjorde som dei gjorde.

– Dei tenkte rett og slett ganske annleis enn det vi gjer i dag, seier ho.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 13:39 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.