Bamsedagbøker avslører kva familiar skryter av

Hadde du òg ein klassebamse med heim i første klasse? Mange skuleelevar over heile verda har fått besøk av dei. Dagbøkene deira viser kva barna og familiane er opptekne av.

Klassebamsar har besøkt elevar i mange land. (Foto: Oxana Lyashenko / Unsplash)

Klassebamsar har besøkt elevar i mange land. Bamsane har fått bli med på alle slags aktivitetar, måltid og utflukter. Familien til elevane skriv ned alt dei har teke bamsen med på, i ei dagbok.

No har forskarar samanlikna dagbøkene frå Noreg og Kina, og dei har funne noko interessant.

I bursdagen hadde eg det veldig gøy, det var gode kaker og mange barn som tok godt vare på meg.

Norsk dagbok

Dagbøkene viser nemleg ikkje berre kva familiane gjer, men kva familiane synest er viktig å fortelje. Å skrive i dagboka blir ein slags måte å skryte på, fordi dei veit at andre familiar kjem til å lese det dei skriv. Forskarar har funne ut at familiar i Noreg og Kina skryter av heilt ulike ting.

Norske familiar skryter av å vere aktive og sosiale. Dagbøkene fortel at bamsen har vore med på fisketurar, skiturar og sykkelturar. Han fekk òg bli med heim til venner, i bursdagar og til besteforeldre.

Pappa begynte å hjelpe meg med leksene mine. Eg la bamsen på bordet, og den studerte saman med meg. Vi skreiv bokstavar og las engelsk.

Kinesisk dagbok

I kinesiske familiar, derimot, er bamsane med på å gjere lekser. I tillegg er dei opptekne av å vise læraren at dei er takknemlege, og å skryte av at barna gjer det bra på skulen.

Forskarane konkluderte med at norske familiar er meir opptekne av å vere saman, medan kinesiske familiar bryr seg meir om at barna har respekt for og lærer av vaksne.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. oktober 2024, kl. 01.43 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.