Eg forskar på: Dyr som er vikla inn og blir skadde av plastsøppel

Sjå deg rundt. Du finn garantert mange ting som du ikkje har tenkt over er laga av plast. Sidan plasten vart funnen opp for 60 år sidan, har han blitt ein viktig del av kvardagen vår.

Men plast kan òg vere eit stort problem. Plastsøppel som ikkje blir resirkulert, kan hamne i havet. Fiskeutstyr som garn og nett er ofte laga av plast, og det hender at fiskarane kastar dei på sjøen eller mistar dei.

Plastsøppel kan gjere stor skade på dyr som selar, kvalar, skjelpadder og sjøfuglar. (Foto: Shutterstock)

Der kan fiskeutstyret gjere stor skade på dyr som selar, kvalar, skjelpadder og sjøfuglar. Dei kan vikle seg inn i plastsøppelet. I verste fall blir dei kvelte. Når fiskeutstyr som er forlate av fiskarar, held fram med å fange dyr på denne måten, kallar vi det «spøkelsesfiske».

Unge selar er nysgjerrige og leikne. Dei kan stikke hovudet sitt gjennom opningar i plastsøppelet, som set seg fast rundt halsen på dei og kan gi vonde sår.

Forskarar har òg funne at sjøfuglar hentar plastsøppel frå sjøen og bruker dette til å byggje reira sine. Då kan ungane deira setje seg fast i plasten.

Marthe forskar på dyr som er vikla inn og blir skadde av plastsøppel. (Foto: NTNU)

Eg samlar inn informasjon frå heile verda om dyr som folk har sett, og som har vore innvikla i eller skadde av plast i havet. Så lagar eg eit kart som viser kvar problemet er størst, ut frå kor mykje plastforureining som finst der. Når vi veit dette, kan vi innføre tiltak i dei områda der vi ser at problemet er størst.

Vi kan òg finne ut om ting kan lagast av materiale som er mindre skadelege enn plast. Til dømes blir eingongsbestikk og sugerøyr ikkje lenger laga av plast, men av tre eller papp. Eg jobbar med å skaffe informasjon om plastforureining til slike vurderingar, som blir kalla «livssyklusanalysar».

Meldinger ved utskriftstidspunkt 29. april 2024, kl. 14:55 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.