Forskarsprint: Kvifor blir frø oppbevart i aluminiumposar?

Posar med frø. Foto: Svalbard globale frøhvelv

Tidsramme: 1-2 skuletimar 

Rom: Klasserommet eller andre stader

Utstyr: Testbitar av ulikt materiale, som til dømes plast, papir, tre, tekstil og aluminiumsfolie. Vatn, lys og andre faktorar som materiala blir påverka av.   

Les teksten om Frøhvelvet på Svalbard. Alle frøa blir oppbevarte i posar av aluminiumsfolie.    

1 Dette lurer vi på  

Problemstilling: Kvifor har forskarane valt å bruke aluminiumposar til frøa? 

 2 Lag hypotesar  

Kva trur de er grunnen til at dette materialet er valt og ikkje eit anna materiale? Start hypotesane med "Eg trur dei har valt å bruke aluminiumposar fordi…"   
  
Hypotese 1: 

Hypotese 2: 

Hypotese 3: 

3 Legg ein plan   

No skal de teste hypotesane. Lag fem like store testbitar av ulikt materiale, slik som til dømes plast, papir, tre, tekstil og aluminiumsfolie. Legg ein plan for korleis de kan undersøkje korleis testbitane blir påverka eller blir endra av til dømes vatn, temperatur, tettleik og lys. Ikkje start med testinga før planen er heilt klar!  

4 Test hypotesane  

Set opp kva undersøkingar de vil teste ut på dei fem ulike materiala og gjer forsøk. Skriv notat og ta bilete av det de gjer.  

5 Drøft og samanfatt  

Kva har de funne ut med forsøka? Stemmer nokre av hypotesane, stemmer dei litt, eller stemmer dei ikkje i det heile?  

6 Del med andre  

Fortel nokon heime eller på skulen om det de har funne ut om aluminiumposane.   
Send gjerne bilete til oss i Nysgjerrigper av forsøka de har gjort nys@forskningsradet.no 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18 mai 2024, 09:06 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.