Den spesielle banken på Svalbard

På Svalbard ligg det ein heilt spesiell bank. Den inneheld ikkje pengar, men frø! Kvifor det? Undervisningsopplegg for tre nivå i barneskulen.

Gå rett til 3.-4. trinn eller 1.-2. trinn.

5.-7. trinn

Den spesielle banken på Svalbard

Ein aude stad med arktisk kulde, djupt inne i fjellet på Svalbard, ligg eit av dei mest dyrebare skattkammera i verda. Det er verken pengar, gull eller edelsteinar som ligg gøymde her – det er frø! Staden blir kalla Frøkvelvet på Svalbard, kjent som Svalbard globale frøkvelv. Kvelvet rommar millionar av frø frå heile kloden.

Inngangsdøra til frøbanken. Foto: Svalbard Global Seed Vault

Gamle og nye frø

Her er tusenvis av frø frå viktige planteartar, slik som matvekstane ris, mais og kveite. Her finst også frø som blir brukte til medisinar og klede.

Nokre av frøa er svært gamle, medan andre er resultatet av moderne jordbruk og vitskap. Det fantastiske er at kvart enkelt frø har potensiale til å vekse opp til å bli ein heilt ny plante som igjen kan danne nye frø.

Frø frå heile verda

Frøkvelvet vart opna i 2008 for å verne matforsyninga i verda mot framtidige katastrofar som krig, flaum, tørke, sjukdommar, pandemiar og klimaendringar. Dette spesielle kvelvet er som ein tryggleikskopi for alle typar frø frå heile verda.  

Dette blir ein frosen Edens hage. Ein stad der livet kan bevarast for all framtid same kva som skjer rundt om i verda”.

Tidligere EU president, José Manuel Barroso
Posar med frø. Foto: Svalbard globale frøhvelv
Frøa kjem med fly og blir køyrde vidare med lastebil til frøbanken.

Perfekte forhold

Frøa blir lagra i kvelvet under perfekte forhold for  
å sikre at dei kan brukast lengst mogleg. Dei blir haldne i lufttette posar ved ein temperatur på minus 18 grader celsius. Det kalde miljøet bremsar aldringsprosessen i frøa, noko som betyr at dei kan overleve i mange år, og kanskje til og med i hundreår.

Samarbeid

Frøhvelvet er også eit symbol på internasjonalt samarbeid. Land over heile verda sender frø til kvelvet for sikker lagring. Sjølv om mange land har sine eigne frøbankar, fungerer kvelvet i Noreg som ein global tryggleikskopi. Det er gratis å lagre frø her. 

Viktig for menneskja

Under borgarkrigen i Syria i 2013 vart ein viktig frøbank i byen Aleppo øydelagd. Heldigvis var det lagra same type frø på Svalbard, slik at forskarane frå Syria i 2015 kunne dyrke fram nye frø i Libanon og Marokko. Dette er eit godt døme på kor viktig frølageret kan vere for å bevare plantar og sikre matforsyning til menneska.  

Oppgåver 

  1. Kva er grunnen til at frøkvelvet vart opna i 2008?  
  2. Kva katastrofar skal dette kvelvet verne mot?
  3. Kva typar frø blir lagra i frøkvelvet, og kvifor er desse spesielt viktige?
  4. Kvifor er det viktig å ha ein global tryggleikskopi for frø? 
  5. Korleis kan frøa på Svalbard sikre mat i framtida?
  6. Skriv opp ei liste på minst 10 frø du meiner er superviktige å bevare. Gi ei kort grunngiving til kvart frø.  
  7. «Dette blir ein frosen Edens hage», sa EU-presidenten. Kva meinte han med det? 
  8. Skriv ei kort historie om ein frøpose si reise frå landet sitt og til Frøkvelvet på Svalbard. Få med detaljar om kvifor akkurat desse frøa vart sende til Noreg, kvar dei kjem frå, korleis dei vart sende og korleis du trur dei vart mottekne  
    på lageret. Lag gjerne illustrasjonar som passar til teksten din.
3.-4. trinn

Den spesielle banken på Svalbard 

Visste du at det er ein veldig spesiell bank på den norske øya Svalbard?  
Denne banken har ikkje pengar, men frø!

Banken er den største frøbanken i heile verda. Den vart opna i 2008. Her er det lagra millionar av frø frå nytteplantar som til dømes ris, mais, kveite og bomull. 

Inngangsdøra til frøbanken. Foto: Svalbard Global Seed Vault
Foto: Svalbard Global Seed Vault

Frøbanken sikrar at frøa ikkje blir øydelagde av brann, krig, flaum eller tørke.  
Det gjer at vi er sikra mat, medisinar og klede i framtida.  
Frøbanken skal sikre at vi alltid har frø frå alle dei viktigaste nytteplantane, sånn at dei ikkje kan bli utrydda. Til dømes vil vi jo gjerne ha kakaoplantar. Kakaobønnene, som vi kallar frøa til kakaoplanten, lagar vi sjokolade av. Ris er også viktig mat for mange menneske. No er det lagra frø frå alle typar kakaoplantar og risplantar i frøbanken på Svalbard.

Oppgåver

  1. Forklar kva som gjer banken på Svalbard annleis enn andre bankar.
  2. Nemn minst tre typar frø som blir lagra på Svalbard.
  3. Skriv ei grunngiving for kvifor dei tre typane frø du har valt er viktige å bevare. 
  4. Kva trur du skjer dersom alle risfrøa i verda blir utrydda?
  5. Sjekk ut bilete av frøbanken på Svalbard og teikn hovudinngangen til banken.
 1-2. trinn

Den spesielle banken på Svalbard 

Posar med frø. Foto: Svalbard globale frøhvelv

Det er ein bank på Svalbard.  

Banken har ikkje pengar.

Banken har frø.  

Frøa kjem frå heile verda.  

Frøa er trygge.

Dei kan ikkje øydeleggjast. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14 mai 2024, 18:16 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.