Kan vi fange klimagassen og sende han til havbotnen?
Mange forskarar og politikarar vil fange CO2. Så vil dei putte han i eit lager 3000 meter under havbotnen, der han ikkje kan skape klimaendringar.
Vi menneske forandrar klimaet på jorda fordi vi slepper ut gassar i atmosfæren. Dei blir kalla klimagassar. Og klimagassen vi slepper ut aller mest av, er karbondioksid (CO2).
Men kva om vi kan fange ein del av CO2-utsleppa i staden, og stengje dei inne ein trygg stad? Det er faktisk mogleg, og det blir kalla CO2-fangst og CO2-lagring. Akkurat det vil mange politikarar at vi skal byrje med i Noreg no.
CO2 frå søppel og sement
På Klemetsrud i Oslo ligg eit stort søppelforbrenningsanlegg. Der blir mykje søppel brend kvar dag. Røyken som kjem ut av pipene, er full av klimaskadeleg karbondioksid (CO2).
Regjeringa vil at søppelanlegget i staden skal fange CO2-en som er i røyken. Det same vil dei at ein sementfabrikk i Brevik skal gjere. Sementfabrikkar over heile verda slepper nemleg ut massevis av CO2 kvart år.
Tanken er at menneskas klimagassutslepp vil bli mykje mindre viss forbrenningsanlegg, fabrikkar og olje- og gassprodusentar kjem i gang med CO2-fangst.
– Verda kan kutte mellom 10 og 20 prosent av klimagassutsleppa om vi byrjar å fange opp så mykje CO2 som vi kan, forklarer klimaforskar Helge Drange.
Lurer CO2 i ei felle
Korleis fangar ein CO2 frå fabrikkrøyk? Jo, her er det fleire metodar. Éin metode er å bruke ein type stoff som heiter amin. CO2-en festar seg nemleg til amina i staden for å bli med røyken ut av pipa. Og då har vi fanga CO2! Men kvar skal vi gjere av han?
Løysinga er å sende gassen ned til ein lagringsplass 3000 meter under havbotnen. Men då må CO2-gassen gjerast om til flytande form først. Då blir det nemleg mykje lettare å frakte han, og den tek mykje mindre plass enn gass.
Deretter må den flytande CO2-en fraktast til lagringsplassen. Vi kan køyre han til kysten, til dømes med elektriske lastebilar. Og derfrå kan CO2-en sendast med skip og lange røyr ned i djupet.
Korleis ser lagringsplassen ut?
Du ser kanskje for deg ei kjempehole under havbotnen, som vi kan fylle med CO2. Men sånn er det ikkje.
– Ein puttar ikkje CO2-en ned i eit stort hol eller ein fjellhall. Ein sprøytar han inn i sandstein, forklarer Mona Mølnvik. Ho er forskingssjef på Sintef Energi AS og leier Noregs forskingssenter for CO2-handtering.
Sandsteinen passar godt som lagar for CO2, seier Mona.
– Om vi heller vatn på slik sandstein på land, fungerer sandsteinen nesten som ein svamp, seier ho.
Trygg lagring?
Er det trygt? Eller kan CO2-en sleppe ut igjen frå lagringsplassen i sandsteinen?
Dette veit forskarar i Noreg ganske mykje om. Dei har nemleg testa CO2-lagring under havbotnen i Nordsjøen sidan 1996. Nede i djupet ligg det allereie ein del CO2 som forskarane følgjer med på.
– Etter kvart som tida går, blir det faktisk mindre og mindre sjanse for at CO2-en lek ut. Det som skjer, er at CO2-en blandar seg med vatnet i sandsteinen. Etter kvart blir gassen ein del av steinen, seier Mona.
Over sandsteinen er det tjukke lag med skifer. Dette er hard og tett stein. Den fungerer som eit lokk på CO2-lageret.
– Den harde steinen kan vere mange hundre meter tjukk, seier Mona.
Norsk havbotn
På norsk havbotn har vi mange gode lagringsplassar for CO2, fortel Mona. Målet er at både Noreg og andre land skal kunne lagre CO2 frå utsleppa sine der.
Men det står att mykje arbeid før det kan skje. No jobbar forskarar mellom anna for å lage endå større skip som kan frakte mykje CO2 ut til lagera.
Eitt spørsmål er viktig: Korleis kan CO2-fangst bli billigare enn det er no?
I dag er det nemleg veldig dyrt å fange CO2. Å fange, frakte og lagre CO2 frå søppelanlegget og sementfabrikken i Noreg, vil truleg koste frå 19 til 25 milliardar kroner for dei første 10 åra.
Dersom det blir billigare, kjem kanskje fleire land og store selskap til å gjere det.
– Forskarar må finne ut korleis ein kan fange CO2 på ein billigare og endå smartare måte i framtida, seier Mona Mølnvik.
Les også:
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 mai 2025, 06:05 CEST