Vi reiser i rommet
Det er 60 år sidan menneska skaut ut Sputnik, den aller første satellitten. Sidan den gongen har vi sendt både menneske til månen og robotar til Mars. Men kva skal vi gjere no?
– Vi må snart bestemme oss! seier Terje Wahl i Norsk romsenter. Han fortel om romstasjonen ISS som suser i bane rundt jorda. Der samarbeider astronautar frå mange land om å forske i rommet. Men ISS byrjar å bli temmeleg gammal. Om ti år er den moden for skraphaugen. Og kva skal vi samarbeide om i rommet då?
Base på månen?
Kanskje vi skal dra tilbake til månen og lage ein ny rombase der oppe? Der kunne vi trene oss på å bu på ein annan klode enn jorda. Dessutan finst det vatn der oppe. Vatn kan vi bruke til å lage rakettbrensel. Dermed kunne månen bli ein fin bensinstasjon for romskip på veg til Mars.
Satse alt på Mars?
Men nokon meiner i staden vi bør droppe månen og satse alt på å komme oss til Mars. Mars er meir spennande å forske på og ein mykje finare klode å bu på for menneske. Men vi må få opp veldig mykje utstyr for at nokon skal kunne leve på Mars. Og så er det eit problem til: Førebels veit vi sånn omtrent korleis vi skal sende folk til Mars. Men vi har ikkje peiling på korleis vi skal få dei tilbake igjen.
Robot-somt på Mars
Ein ting er i alle fall sikkert: Menneska kjem til å sende noko til Mars dei neste åra. I 2020 skal Kina, Europa og USA sende nye robot-bilar dit. Desse roverane skal finne ut meir om planeten og leite etter teikn på gammalt liv. Dessutan skal roverane teste utstyr som vi menneske kan trengje på Mars, til dømes landingsutstyr og maskiner som kan hente ut oksygen frå den tynna atmosfæra.
Sand og stein tilbake til jorda
Terje Wahl trur også at framtidas Mars-roverar kanskje skal prøve noko heilt nytt, som til dømes å ta med seg sand og stein tilbake til jorda så vi kan undersøkje det skikkeleg. Då vil forskarane kunne finne ut veldig mykje om den raude planeten.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 19 mai 2025, 06:52 CEST