Jetdrift

Lag jetdrift med ei skoeske, sugerøyr og ein ballong.

En gutt gjør store øyne mens han blåser opp en orange ballong.
Foto: Shutterstock

Du treng:

  • ein rund ballong
  • 15 sugerøyr
  • ei skoeske

Slik gjer du:

  1. Legg sugerøyra ved sida av kvarandre.
  2. Lag eit hol på den eine kortsida av skoeska.
  3. Blås opp ballongen.
  4. Hald for opninga og træ ballongen gjennom holet i eska.
  5. Set skoeska på sugerøyra og slepp ballongen.
  6. Prøv forsøket éin gong til, men denne gongen utan å bruke sugerøyr.

Kva skjer?

Ved hjelp av sugerøyra minskar vi friksjonen (motstanden) mellom kartongen og golvet. Utan sugerøyra blir friksjonen så stor at det ikkje er nok kraft frå ballongen til å dytte skoeska framover.