Bli maurforskar

Maur er spennande å forske på og lette å finne. Dei kan òg lære oss mykje om korleis dyr kan samarbeide. Bli maurforskar!

En jente studerer en maurtue ute i skogen.
Foto: Shutterstock

Kva et maur?

Du treng:
• nokre kvite A4-ark
• diverse mat som åte, f.eks. syltetøy, kjøttpålegg og smør

Slik gjer du:
1. Finn ei maurtue med brune skogsmaur som du vil forske på.

2. Legg ut mat på ark i nærleiken av staden der maurane lever. Kva liker dei best, søt, proteinrik eller feit mat? Gjenta gjerne forsøket ei anna tid på året. Liker dei det same då, eller har dei endra smak?

Kvar går maur, og kva gjerd ei?

Du treng:
• Korrekturlakk
• Måleband
• Stoppeklokke
• Ein tannpirkar

Slik gjer du:
1. Begynn å studere korleis maurane bevegar seg rundt tua dei bur i.
a. Går dei på maurstiar?
b. Kva har dei med seg heim?
c. Fraktar dei noko bort?
d. Kor store ting kan ein maur bere?
e. Kan du sjå maur som hjelper kvarandre?

2. Merk nokre maur med ein liten prikk korrekturlakk ved hjelp av ein tannpirkar. Klarer du å følgje mauren?

3. Forsøk å finne ut kor langt ein maur går på eitt minutt. Då må du måle lengda han bevegar seg i løpet av eit minutt. Klarer du å rekne om farten til kilometer per time?

Kva gjer maur når dei blir sinte?

1. Skrell borken av ein pinne og slå han lett mot tua utan å øydeleggje tua. Mauren vil straks angripe pinnen og sprøyte maursyre på han. Slik forsvarer maur seg mot fiendar. Løft pinnen opp og ta vekk maurane. No kan du slikke på pinnen og kjenne korleis maursyre smaker. Du kan også halde handa over tua og kjenne korleis mauren sprøyter maursyre på huda di.

2. Finn du blåveis eller fiolar, kan du leggje dei på tua. Dersom maur sprøyter maursyre på desse blomane, skiftar dei farge og blir rosa. Blomane inneheld fargestoff som blir raudlege i syre.

NB! Dette forsøket er trygt å gjere i Noreg, for her finst ingen maur som er ordentleg farlege. Men ikkje gjer det i andre land utan å undersøkje kor farlege maurane der er.

Lær meir om maur

Du treng:
• kamera
• kompass
• eit kart

Slik gjer du:
1. Gå på jakt etter maurtuer i skogen. Merk av på kartet kvar dei er plasserte. Gi dei eit nummer. Noter korleis dei ligg i terrenget. Stemmer det for eksempel at maurtuer ved tre alltid ligg på sørsida av treet?

2. Undersøk kva maurtuene er laga av. Ta bilete av tuene slik at det er lettare å samanlikne dei. Blant brune skogsmaur blir tua ofte bygd av pinnar, grasstrå og barnåler, og ho kan bli opptil to meter høg. Under jorda kan tua vere endå større. Her oppheld mauren seg om vinteren så han ikkje skal fryse i hel.

3. Løft opp steinar og undersøk om du kan finne starten på ei ny maurtue der. Kanskje finn du både maur, egg og larver.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 15:42 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.