TikTok aukar straumforbruket

Har du tenkt over at kvar gong nokon legg ut ein video på TikTok, så blir det brukt energi? At sjølve mobilen bruker straum, er nok inga overrasking, men visste du at det òg blir brukt straum ved eit datasenter?

Rundt om i verda står det store datasenter med datamaskinar. Når ein kjendis med mange følgjarar legg ut eit bilete på sosiale medium som TikTok eller Instagram, dukkar biletet opp på millionar av mobilar rundt om i verda.

Bilete og videoar gjer datamaskinane varme

Dette krev mykje energi, og det blir brukt straum ved datasenteret der videoen eller biletet er lagra. Datamaskinane blir så varme at ein er nøydd til å kjøle dei ned, og nedkjølinga krev òg straum.

Dette skaper mange problem. For det første vil datasentera krevje meir og meir straum framover, sidan vi bruker internett og sosiale medium stadig meir.

Allereie no bruker datasentera i verda faktisk omtrent like mykje energi på eitt år som vi bruker i heile Noreg. Det store energiforbruket er eit problem, sidan det òg er mykje anna som treng meir straum framover. Det trengst for eksempel fleire elektriske bilar.

Varmen kan kome til nytte

For det andre blir ikkje varmen som blir til overs ved datasentera, brukt på ein god nok måte. Han blir vanlegvis send rett ut i lufta eller fjorden, og store mengder varme går tapt på denne måten.

Vi har snakka med forskar Hanne Kauko ved forskingsinstitusjonen SINTEF, som fortel kvifor:

– Det kjem mellom anna av at det manglar samarbeid mellom datasentera som produserer varmen, og dei som kan ha nytte av han, seier ho.

Hanne er oppteken av at varmen kunne vore brukt til noko nyttig.

– Mykje av varmen kan brukast til oppvarming av bygningar. Ein kan òg bruke varmen for eksempel til å tørke ved eller til drivhus. Å varme opp symjebasseng eller bruke varmen i oppdrettsanlegg for fisk er andre moglegheiter.

Sjølv om ein kan bruke varmen betre, bør vi òg tenkje på å redusere straumforbruket ved datasentera. Måten vi bruker internett, og særleg sosiale medium, er med på å halde oppe forbruket av energi.

Korleis kan du bidra?

Du kan bidra til å få ned bruken av straum ved å hindre at bilete, filer og videoar hopar seg opp på mobilen og PC-en din. E-post bruker energi, og derfor bør vi òg slette gamle e-postar som vi ikkje treng.

Kanskje du kan ta ein runde der du slettar gamle bilete og liknande med jamne mellomrom? Då er du miljømedviten, og gjennom innsatsen din blir det brukt litt mindre straum ved eit datasenter.

Kanskje du til og med kan tipse nokon andre om å gjere det same?

Fakta: