Eit kaldt kjøleskap kan gi varmt badevatn

Kjenn bak kjøleskapet. Der er forklaringa!

Røde kobinger mellom svømmebasseng og kjøleskap
Kjøleskap produserer varme - den kan brukes til andre ting. Illustrasjon: Tank.no

Kjøleskapet ditt heime er godt og kaldt inni. Men har du nokon gong teke handa bak kjøleskapet? Der er det veldig varmt! Den varmen forsvinn ut i lufta og gjer at kjøkkenet ditt blir litt varmare enn om det ikkje stod eit kjøleskap der.

Flyttar varme med straum

Ingrid Camilla Clausen frå SINTEF forskar på energi. Ho forklarer at varme aldri kan forsvinne, men at varmen berre flyttar seg over til lufta og det som er rundt. – Viss du har ein kopp kakao som er varm, så blir han kaldare etter kvart. Det er fordi varmen flyttar seg til omgivnadene. Det som skjer i eit kjøleskap, er at vi bruker straum for å flytte varmen ut. Vi flyttar altså varmen som finst inne i skapet, ut i rommet.

Sparer varme til vinteren

Slik er det på butikken òg. Den har store kjøleskap for å halde mjølk, smør og salami kaldt. Desse kjøleskapa bruker mykje straum for å halde seg kalde, samtidig som dei lagar mykje varme som berre forsvinn ut i lufta. – Vi forskar på å bruke varmen frå kjøleskapa til noko fornuftig, seier Ingrid. Forskarane har allereie klart å lage eit system der varmen frå kjøleskapa i butikken blir brukt til å varme opp butikken når det trengst. Dei klarer òg å spare ekstra varme om sommaren. Varmen blir lagra nede i bakken utanfor butikken. Då kan dei hente han opp igjen på vinteren! Lurt, ikkje sant?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 00:52 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.