Skal det vere ein bit kjøtt frå laboratoriet?

Sissel Rønning prøver å finne ut kva slags mat som kan få kjøtt til å vekse.

Forsker Sissel Rønning på laboratoriet
Sissel Rønning gir mat til muskelcellene som skal bli kjøtt. Muskelcellene blir dyrka i tankar. Maten ser ut som raud saft og inneheld alt det cellene treng for å vekse. Foto: Nofima

Du har sikkert lært at kjøtt kjem frå dyr. Slik er det ikkje nødvendigvis lenger. Allereie for sju år sidan sette ein nederlandsk forskar tennene i ein hamburgar som var laga i eit laboratorium. Forskaren hadde teke muskelceller frå eit stykke storfekjøtt og fått dei til å vekse vidare i ein næringsrik gelé.

Kva skal cellene ete?

Hos Nofima på Ås forskar dei no på kva slags mat som kan få muskelceller til å vekse. Først hentar forskarane levande muskelceller frå ei ku. Så blir desse cellene dyrka vidare i store tankar.

For at dei skal vekse, må cellene få flytande mat. - Utfordringa er å finne ein type mat til cellene som vi har mykje av, fortel forskar Sissel Rønning.

- Hittil har vi gitt dei blod frå ufødde kalvar. Det inneheld alt muskelcellene treng. Men det seier seg sjølv at ein ikkje kan bruke slikt blod viss ein skal produsere mykje kjøtt.

1. Muskelceller mates med blod. 2. Muskelcellene veks. 3. Ferdig laboratoriekjøtt! Illustrasjon: Tank.no

Vil gjere maten miljøvennleg

Det å produsere kjøtt frå dyr gir store utslepp av klimagassar. Det er grunnen til at ein ønskjer å dyrke kjøtt i staden. Men då må cellene som blir dyrka, få mat som er miljøvennleg.

- Vi prøver no å bruke restar frå matindustrien, mellom anna kyllingbein og hinner frå eggeskal, seier ho.

Hånd med blå hanske plasserer små runde 3D-printede kjøttbiter i rosa væske
Ved hjelp av ein 3D-skrivar kan ein lage små kjøttbitar av dei levande muskelcellene. Foto: Nofima

Laboratoriekjøtt i tacoen?

Sissel håpar at vi om nokre år kan dyrke kjøttet vi puttar i fredagstacoen.

- Det å lage ein biff er svært vanskeleg. Men å lage noko som minner om kjøttdeig, er lettare, seier ho.

Kjøttet som blir dyrka fram, liknar nemleg slett ikkje på kjøtt. Det dyrka kjøttet er berre muskelceller, som er heilt kvite. For å få det til å sjå ut og smake som kjøtt, må ein blande inn mellom anna farge og feitt.

Sjå film om forskinga

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 21:39 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.