Potetskrell gjer maten meir haldbar

Poteta kan brukast til alt, blir det sagt. No prøver forskarane å bruke potetskrell for å hindre andre matvarer i å bli dårlege.

Plantane inneheld ein type vernande stoff som vi kallar antioksidantar. I potetskalet finn vi mykje av desse vernande stoffa. Det blir nesten som ein solkrem for poteter, seier Knut Olav Strætkvern. Han er professor ved Høgskolen i Innlandet og har forska på poteter i 25 år.

I Innlandet blir det dyrka svært mykje potet. Halvparten av alle potetene i landet kjem herfrå. Mange av dei blir sende til store fabrikkar for å bli til potetmos, potetchips og andre potetprodukt. Potetskrellet blir som oftast til overs.

– Berre her i Innlandet blir det fleire tusen tonn potetskrell i året. Det meste av det går til kufôr. Derfor prøver vi å finne ut korleis vi kan utnytte potetskrellet på ein betre måte, fortel han.

POTETSKALET HAR MYKJE ANTIOKSIDANTAR

Naturlege antioksidantar

Antioksidantar blir allereie brukte i ein del matvarer. Når mat med mykje feitt og olje kjem i kontakt med luft, kan han nemleg harskne. Då blir maten etter kvart dårleg. Antioksidantane vernar mot harskninga, og derfor er mykje av maten vi kjøper i butikken, tilsett kunstige antioksidantar. At antioksidantane er kunstige, vil seie at dei er framstilte i laboratorium.

– Vi håpar at vi i framtida kan bruke antioksidantar frå potetskrell i staden for kunstige stoff, seier potetprofessoren.

Testar i laboratoriet

Så langt har forskarane klart å lage ein metode for å trekkje antioksidantane ut av potetskrellet. Dei har òg tilsett desse antioksidantane i ulike typar matoljer og sett at det gjer oljene meir haldbare.

– Det neste steget er å teste dette ut på tørre matvarer og etter kvart også kjøtt, fortel Knut Olav.

Til slutt skal forskarane ta forsøket ut av laboratoriet og sjå om det går an å bruke metoden i stor skala i matvareindustrien.

– Målet er at vi skal utnytte potetskrellet betre enn å berre bruke det som dyrefôr, seier Knut Olav.

Det å bruke potetskrell i staden for kunstige antioksidantar kan vere betre for miljøet og sunnare for kroppen vår, meiner han.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 23:13 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.