Bli med og legg tang og tare under forskarlupa

Forskarar kallar tang og tare langs kysten for «den blå skogen». No vil dei finne ut meir om korleis det står til med denne naturen under vatn. Og dei treng di hjelp!

Fleire og fleire menneske bur langs norskekysten. Vi byggjer bygningar og slepper ut fleire stoff i havet.

Også klimaendringar påverkar miljøet og naturen langs kysten. Vatnet blir varmare. Dette gjer at nokon artar og dyr ikkje trivst, og flyttar andre stader. Andre artar liker derimot varmen og flyttar inn der det er ledig plass.

Langs Noregs lange kyst skjer desse endringane fleire stader, mellom anna i Oslofjorden. Også andre land i Europa står overfor dei same utfordringane.

No vil forskarane finne ut korleis det står til med naturen under vatn. Spesielt nøye skal dei sjå på tang og tare. Tang og tare veks på fjell og steinstrender i fjøresona langs heile kysten vår.

Forskaren som skal leie undersøkingane, heiter Trine Bekkby og jobbar i Norsk institutt for vassforsking (NIVA). Ho fortel at dei blå skogane er viktige for oss menneske på mange måtar.

– Skogane tek opp og lagrar karbon, mellom anna. Dermed kan dei motverke klimaendringane. Tang og tare tilbyr òg mat og ly for mange dyr og fiskeslag, og vi menneske kan bruke plantane som mat, dyrefôr, gjødsel og meir, seier ho.

– Viss skogane blir delte opp eller forsvinn, blir det færre dyr og artar der og mindre mangfald. Dette gjer at livet i strandsona og under vatn nær kysten vår forandrar seg. Dette påverkar òg oss menneske.

– Til dømes blir det færre råvarer og mindre mat for oss å hauste, som tang, skaldyr og fisk, og det blir mindre blå skog som dempar bølgjer og tek opp karbon frå atmosfæren. Livet under vatn blir meir utsett for klimaendringar, framande artar og andre påverknader, seier Trine.

Ho skal, saman med forskarar frå mange land, sjå på kva menneskeleg påverknad og klimaendringar gjer med tang- og taresamfunn i heile Europa. Dei skal jobbe i vatnet langs kysten og gjere eksperiment i basseng.

Og ho vil gjerne ha di hjelp! Forskarane vil gjerne samarbeide med skular i Noreg om denne forskinga.

– Vi kan gjerne besøkje skuleklassar og fortelje om den blå skogen, kva som går føre seg langs kysten, og korleis vi forskar på det. Og om skulane ligg i nærleiken av der vi skal gjere feltarbeid, vil vi gjerne ha med oss elevar ut i strandsona, slik at dei kan forske på tang og tare saman med oss, seier Trine.

Synest du dette høyrest kult ut? Har du lyst til å bli med og forske? Sjekk ut nettsida coastfrag.org for å finne ut meir.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 29. april 2024, kl. 12:42 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.