Det som skjer på Svalbard, er viktig for heile kloden
For forskarane er Svalbard eit laboratorium midt i naturen. Derfor er det så spennande for dei å jobbe der. Og det dei finn ut kan komme heile verda til gode
Mykje av naturen på Svalbard er urørt og veldig skjør og det finst isbrear, fjell og fjordar, og eit rikt dyreliv der. For forskarar, er Svalbard ein spennande stad å vere.
Forskarar frå heile verda
– På Svalbard kan vi følgje med på kva som skjer når naturen endrar seg, til dømes på grunn av klimaendringar, seier Jøran Moen. Han er direktør for Universitetssenteret på Svalbard. Hit kjem studentar og forskarar frå heile verda for å forske. Senteret ligg i Longyearbyen, den største byen på Svalbard.
På senteret til Jøran forskar dei på mykje forskjellig. Klimaendringar er nemnde, men også dyreliv, havet og nordlys er nokre av tinga som studentane og forskarane jobbar med. Fornybar energi er ein annan ting.
– I Noreg har vi mykje vasskraft, som er ei fornybar energikjelde. Men på Svalbard har vi berre kolgruver. Derfor er det viktig for oss på Svalbard å utvikle nye energikjelder slik at vi ikkje treng å bruke kol meir. Og då kan vi samtidig teste om desse nye energikjeldene toler kulda på Svalbard. Då kan dei også brukast andre stader på jorda der det er kaldt, fortel Jøran.
Temperaturen stig raskare på Svalbard
På grunn av klimaendringane stig temperaturen på jorda. Og på Svalbard stig temperaturen meir enn andre stader. Det betyr at forskarane allereie no kan sjå kva som skjer når temperaturen på kloden stig endå meir enn den har gjort til no.
– Ta til dømes permafrost, seier Jøran.
– Permafrost er stader der bakken er frosen heile året. Permafrost finst mange stader på jorda, på Svalbard eller Grønland, eller i Sibir, Alaska og Himalaya. Når temperaturen stig, vil desse stadene etter kvart tine. Vi ser no kva som skjer på Svalbard. Det vi finn ut, kan forskarane frå andre land ta med seg heim og bruke der for å avgrense skadane.
Forskarane bur på Svalbard heile året, sjølv om det ofte både er kaldt og mørkt der.
– Det er viktig at vi er her heile tida, og ikkje berre kjem av og til for å sjå og måle, seier Jøran.
– Vi må følgje med på alt som skjer heile tida. Det vi finn ut på Svalbard er viktig for Noreg og resten av kloden.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:27 CEST