Kva robot liker du best?

Forskarar har undersøkt kva norske barn synest om tre ulike robotar. Ein av dei var skumlare enn dei andre.

Fire roboter
Barn fekk svare på kvar søte, kule, skumle og levande dei syntest ulike robotar var. Illustrasjon: Tank.no

Barna var mest skeptiske til roboten Pepper, fortel Roger A. Søraa. Han forskar på folks forhold til robotar. Saman med tre andre forskarar har han undersøkt kva barn i alderen 6–13 år synest om tre ulike robotar.

– Vi tok med oss tre robotar frå robotlaben vår i Trondheim til forskingstorget, fortel han.

Forskingstorget er eit arrangement under festivalen Forskingsdagane, som blir arrangerte i september kvart år. Der kan skulebarn oppleve kva forskarar jobbar med og stille spørsmål om det dei lurer på. Forskingstorg blir arrangert fleire stader i landet.

Ulike typar robotar

Ein av robotane barna fekk møte, heiter Pepper.

– Pepper er ein ganske stor robot på 121 cm, altså same høgd som nokre av barna, fortel Roger. Pepper kan både snakke og bevege hovudet, armane og kroppen. Han bevegar seg rundt av seg sjølv på små hjul.

En hvit robot med skjerm på magen og et rødt hjerte med teksten Pepper
Pepper liknar litt på eit menneske. Han kan både snakke og bevege seg. Foto: Wikipedia

Den andre roboten barna fekk møte, var AV1. Det er ein skulerobot som skal hjelpe elevar som ikkje kan komme på skulen.

– Roboten er forma som eit hovud med auge. Eleven kan styre han heimanfrå gjennom mobiltelefonen, og på den måten sjå og høyre det som skjer i klasserommet, seier han.

En robot med hode og høyttaler og et hjerte med teksten AV1
AV1 er laga for at barn som er for sjuke til å gå på skulen, kan sjå og høyre kva som skjer i klasserommet gjennom roboten. Foto: Wikipedia

 Den tredje roboten heiter Tessa, og ser ut som ei blomsterpotte. Tessa kan snakke og blinke med auga.

– Denne roboten er laga for eldre som gløymer mykje. Tessa kan til dømes lære seg når den gamle pleiaren å ete, og seie frå viss personen ikkje har opna kjøleskapet til vanleg tid, fortel han.

En robot som ser ut som en blomsterpotte og et hjerte med teksten Tessa
Tessa kan snakke og blinke med auga, og ser litt ut som ei blomsterpotte. Foto: Kim Sørenssen / NTNU

Søt og kul blomsterpotte

Elevane på Forskningstorget fekk delt ut eit spørjeskjema. Der skulle dei svare på kvar søte, kule, skumle og levande dei syntest robotane var.

– Pepper var den roboten barna syntest verka mest levande. Samtidig var det den roboten flest synst var skummel. Roboten som likna på ei blomsterpotte, derimot, syntest ingen av barna var skummel, fortel han. Blomsterpotte-roboten Tessa var også den barna syntest var søtast og kulast.

Høg og skummel

Roger meiner det kan vere fleire grunnar til at barna likte Tessa betre enn Pepper.

– Det er tydelegare kva Tessa kan brukast til, og det gir meir kjensle av kontroll. Pepper bevegar seg dessutan rundt av seg sjølv, medan Tessa står stille, seier han. Storleiken til robotane kan også ha noko å seie.

– Pepper var jo på høgd med barna, det kan nok verke skremmande, seier han. Tidlegare forsking har dessutan vist at mange synest det er guffent med  menneskeliknande robotar.

– Når noko ser nesten ut som eit menneske, men ikkje heilt, kan vi bli usikre, seier Roger.

Skummel robot og redd gutt
Robotar er ofte skurkar på film. Kanskje det er derfor vi kan vere litt redde for dei? Illustrasjon: Tank.no

Roboten er skurken

Roger fortel at filmar og TV-seriar også kan vere ein grunn til at vi er skeptiske til robotar.

– I barnefilmar blir robotar ofte beskrivne som skumle og farlege. Dei får rolla som skurken i historia, seier han. Det meiner han er litt urettferdig. 

– Dei fleste robotar er jo laga for å hjelpe menneske, minner han om.

I undersøkinga spurde forskarane nettopp om dette med robotar som gode hjelparar. Barna fekk spørsmål om dei trudde robotar kunne vere til hjelp for eldre. Og om dei trudde robotar kunne vere til hjelp for deira eigne besteforeldra.

– Dei aller fleste barna meinte robotar kunne hjelpe eldre. Men færre trudde dei kunne hjelpe akkurat deira besteforeldre, seier han.

Han trur noko av grunnen er at barna meiner besteforeldra er spreke nok til å klare seg sjølve.

– Eit av barna meinte at ikkje besteforeldra, men derimot oldefaren, kunne ha nytte av roboten, seier Roger. Så har du ein gløymsk oldefar, kan han kanskje få ein blomsterpotte-robot til jul?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24 mai 2025, 22:00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.