Heilt i tåka
Klimaendringane kan føre til både meir og mindre tåke. I California har det vorte mykje mindre.
Klimaendringane påverkar dei store vêrsystema til kloden. I California i USA har forskarar sett at minst ein tredel av tåka som vanlegvis kjem inn frå Stillehavet om sommaren, har forsvunne. Det har skjedd dei siste 100 åra. Forskarane er bekymra for korleis det skal gå med dei store områda med redwood-tre.
Redwood-tre er dei største trea i verda og eit av dei eldste treslaga i verda. Dei drikk ikkje berre vatn frå bakken. Dei tek også til seg fukt frå tåka, som det no har vorte mykje mindre av. Faktisk kjem mellom 25 og 40 prosent av fukta eit redwood-tre treng, frå tåke.
Framtid i tåka
Kva skjer elles i verda? Vil det bli meir eller mindre tåke viss klimaet endrar seg slik vi trur? Det har ikkje forskarane noko godt svar på. Klimaendringane kan nemleg gi oss både tørrare og våtare periodar. I dei tørre periodane kan det bli mindre tåke, i dei våte periodane kan det bli meir.
Nyttig tåke
Tåkevêr er ikkje berre grått og trist. Det er også eit teikn på at det ikkje er for tørt. Ikkje berre redwood-tre, men også mange andre plantar kan ha nytte av at det er tåke i lufta. Til og med menneske kan «drikke tåke»! Nokre stader der folk har for lite drikkevatn, har ein nemleg klart å fange opp tåka og lage drikkevatn av den. I Peru, til dømes, har ein anlegg der ein får fleire tusen liter vatn på éin dag frå tåke.
Tåke = låge skyer
Vanleg tåke kan beskrivast som skyer som ligg like over bakken. Tåka oppstår når det er så mykje fukt eller vassdamp at lufta blir metta og ikkje kan ta til seg meir. Då dannar det seg bitte små vassdropar. Er det kaldt, blir det bitte små iskrystallar. Tåke heng saman med kjølig vêr. I godt og varmt vêr kan lufta nemleg halde betre på fukta. Då vil ikkje fukta utvikle seg vidare til tåke eller tåkeskyer.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 mai 2025, 04:59 CEST