Korleis blir vêret i 2050?
I desember 2050 kan det bli dagar som er så varme at du handlar julegåver i t-skjorte. Kva kan vi gjere for å påverke vêrmeldinga for 2050?
Meteorologar og forskarar veit ein heil del om klimaet du kjem til å leve med som voksen. Dei reknar til dømes med at gjennomsnittstemperaturen på kloden vil stige litt over ei halv grad frå i dag og fram til 2050. Det verkar kanskje ikkje å vere så mykje, men forskjellen vil føre med seg nokre vêropplevingar som er ganske annleis enn vi er vande til.
Dei varmaste sommardagane kan bli plagsamt mykje varmare enn i dag. Når det regnar, kan det komme meir vatn på same tid. Og der det i dag finst tropiske orkanar, kan det blåse endå kraftigare enn før.
FNs klimapanel
Mykje av denne kunnskapen kjem frå FNs klimapanel, som er ei gruppe på rundt 800 forskarar frå 195 ulike land. Dei samarbeider om å forske på klima.
To grader varmare i 2050 enn i 1850
Forskarane har sett på temperaturar tilbake til 1800-talet, den gongen vi ikkje hadde noko særleg med fabrikkar og industri. Det dei er mest sikre på, er at det vil vere rundt to grader varmare i 2050 enn det var i 1850.
Forskjellar rundt om i Noreg
Kor store endringane blir akkurat for deg, kjem litt an på kor i Noreg du bur og om det er sommar eller vinter.
– Kanskje stig ikkje temperaturen fullt så mykje i Bergen og andre stader på Vestlandet om vinteren, seier forskar Rasmus Benestad frå Meteorologisk institutt.
– Men i Finnmark og på Austlandet kan han ha stige med to grader sidan 1850. Om sommaren blir det nok rundt to grader varmare over heile landet, samanlikna med det som var vanleg i 1850.
Meir regn, meir tørke og meir varme
Det blir oftare regn i 2050, men det vil også bli meir tørke og meir varme om sommaren.
– Korleis heng dette saman, og kor mykje blir det eigentleg av kvar type vêr?
– Det er ikkje rart folk lurer, seier Rasmus.
– Vêret i framtida kjem til å vere sånn at kvar vêrtype vil vare lenger enn før. Ein heil sommar kan bli kjølig og våt, medan den neste sommaren blir knusktørr i vekevis. Ser ein på vêret over lengre tid, blir det jo litt av kvart. Men alt i alt blir det nok meir regn i Noreg.
– Kva med vintrane?
– Også vintrane kan få lengre periodar med same vêr – anten det er kaldt og minusgrader eller fuktig og heilt utan snø, seier meteorologen.
Mindre snø
Det er lurt å ha andre vinteraktivitetar enn ski og aking i 2050. Har du fått barn, vil dei nok ikkje oppleve snø så ofte, bortsett frå i høgfjellet.
– Sjølv om det kan komme kalde periodar der snøen også blir liggjande andre stader enn på fjellet, kan han fort forsvinne igjen. Det kan plutseleg komme ein veldig varm dag midt i kulda, som får snøen til å forsvinne for resten av vinteren, seier Rasmus.
På skistader høgt i fjellet kjem vêrmeldingane oftare til å innehalde åtvaringar mot snøskred.
Vatnet stig
Ein annan ting både dei norske meteorologane og FNs klimapanel er sikre på, er at vatnet i hava vil stige. Kanskje stig det 3-4 millimeter i året. Det gir minst 10 centimeter høgare vasstand i 2050.
I Noreg er det ikkje så lett å seie kor mykje det blir, fordi sjølve landet også stig i Noreg. Andre stader i verda førebur folk seg på å flytte for godt, fordi havvatnet kan komme heilt inn i husa.
– Korleis kan vi vere så sikre på at alt dette skjer?
– Vi har brukt modellar som er berekna ut frå lovene til fysikken. Dei liknar på dei vanlege vêrvarsla, så vi veit at dei verkar. Vi har også gått tilbake og sett på berekningane vi gjorde for nokre år sidan og sett at klimaet har endra seg nettopp slik vi trudde, seier Rasmus.
Kva kan vi gjere?
Forskarane i FNs klimapanel har fått politikarar og folk over heile verda til å førebu seg på forandringar. Dei har også forslag til kva vi kan gjere. Dei fleste meiner at vi kan hindre at klimaendringane blir altfor store. Då må vi forureine mindre.
Dette kan vi gjere for å forureine mindre:
- fly sjeldnare
- køyre mindre bil
- bruke og kaste færre ting
- få fabrikkane til å forureine mindre
– Kvifor kjem desse tiltaka til å verke?
– Vi slepp ut CO2 når vi forureinar. CO2 er ein gass som hindrar jorda i å bli kvitt ekstra varme, derfor aukar temperaturen. Det er dette som blir kalla drivhuseffekten, forklarer Rasmus.
Drivhuseffekt
Rundt planeten Venus er det ein veldig tett atmosfære som består av CO2. Der er det også veldig varmt. Sånn vil vi ikkje ha det på jorda, og derfor må vi forureine mindre i åra framover.
– Vi har allereie bygd opp ein stor drivhuseffekt, seier Bjørn Samset som er forskingsleiar hos Cicero Senter for klimaforsking. Han beskriv drivhuseffekten som ei varm boblejakke rundt jordkloden.
– Er det noko gale i at det blir varmare hos oss i Noreg?
– Det er nok verre i andre delar av verda, på stader der folk ikkje lenger kan bu på grunn av flaum og heite, seier Rasmus.
– Kanskje vil nokon flykte til stader nærare oss. Men også på Vestlandet kan det hende mange må flytte på grunn av ras og elvar som fløymer over.
Finne nye måtar å gjere ting på
– Vi må finne nye måtar å gjere ting på for å klare å leve med klimaendringane. Til dømes blir vi nok nøydde til å leggje om matproduksjonen og landbruket, også her i Noreg, seier Bjørn frå Cicero.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 mai 2025, 01:35 CEST