Forskarar fann ein vegg av is på Mars

Drøymer du om å besøkje Mars? Då kan du gle deg over det nye isfunnet til forskarane.

Illustrasjon av romrakett med mennesker på vei til Mars
Dersom vi menneska skal kunne bu på Mars, må vi finne vatn. Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Det kjem ikkje til å bli lett! Likevel vil menneska prøve å sende folk til planeten Mars. Ja, mange ønskjer til og med å lage ein base der oppe, der det går an å bu i lang tid. Men skal vi klare det, må vi finne éin ting der oppe, nemleg vatn!

Heldigvis er ikkje det umogleg. Forskarar har allereie oppdaga isbrear på pola på Mars. Dessutan finst det fukt i sanden under overflata. Nye funn tyder også på at det kan vere flytande, kjempesalt vatn i bakken under sørpolen på Mars. Problemet er berre at det slett ikkje er noko praktisk å lande på polen. Det er heller ikkje noko fint å bu der. Dessutan er vatnet i bakken skittent og vanskeleg å få tak i.

Oppdaga rein, blå is

Men nyleg gjorde nokre forskarar ei nyttig oppdaging. Dei studerte biletet av eit område som ligg meir mot midten av planeten. Der var ein del av sanden grave vekk av kreftene til naturen. Det som stod igjen, var ein over 100 meter høg vegg. Og bileta viser altså at veggen ser ut til å vere laga av rein, blå is!

En vegg av is på Mars fotografert ovenfra
Her ser du veggen av is, fotografert ovanfrå. I dette området er veggen omtrent 130 meter høg. Foto: NASA/JPL CALTECH/UA/USGS

På toppen ligg eit lag av sand. Men fleire stader er laget tynt. Mars-fararar treng berre å grave ein meter eller to for å komme til isen. Dermed kan dei tine isen for å få vatnet de treng for å overleve.

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19 mai 2025, 07:00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.