Forskarar har funne nytt kontinent: Zealandia

Forskarane har funne eit nytt kontinent. Det har lege rett under nasen på oss heile tida. 95 prosent av kontinentet ligg under havet.

Satelittbilde av nytt kontinent under vann.
95 prosent av kontinentet ligg under havet. Foto: Topography.

Jordas skorpe er sprokken opp i mange bitar og kan minne om skalet på eit kokt egg som har rammelet i golvet. Bitane blir kalla plater, og på dei største platene ligg kontinenta: Nord-Amerika, Sør-Amerika, Eurasia (Europa og Asia), Afrika, Antarktika og Australia. No har altså forskarane funne ut at eit nytt kontinent har lege rett under nasen på oss heile tida: Zealandia.

Dekte av hav

Zealandia er omtrent like stort som India. Nesten heile Zealandia er dekt av hav, men forskarane meiner det må reknast som eit eige kontinent likevel. Det er fordi plata det består av, er laga av ein annan steinmasse enn naboplatene, Australiaplata og Stillehavsplata. Grunnen til at det tok så lang tid å oppdage at dette var eit eige kontinent, er at berre 5 prosent av plata stikk opp over havflata. Det som stikk opp, er mellom anna New Zealand og Ny-Caledonia.

Interessant for geologar

Det at Zealandia blir rekna som eit eige kontinent, er interessant for geologane. Men det er også viktig for dei som bur i New Zealand og Ny-Caledonia. Internasjonale lover seier nemleg at naturressursane innanfor kontinentgrensene tilhøyrer dei.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21 mai 2025, 18:05 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.