Hadde Noreg vore fattig utan olje?
Noreg er eit av dei rikaste landa i verda. Det er mellom anna fordi vi har funne olje i Nordsjøen. Korleis ville vi klart oss utan olja?
På 1960-talet byrja Noreg å leite etter olje under havbotnen i Nordsjøen. Heldigvis for oss var det mykje olje der. Så mykje at vi har vorte eit av dei rikaste landa i verda.
Men kva hadde skjedd om det ikkje var noka olje å finne? Ville vi vore fattige då?
Forskarar har ingen heilt sikre svar på det. Det er jo umogleg å vite akkurat kva som ville skjedd. Men noko kan forskarane faktisk gjette på ved å undersøkje korleis det stod til i Noreg før vi fann olje.
Var ikkje fattige
Mange trur Noreg var fattige før vi fann olje, men det er ikkje heilt rett.
– På slutten av 1960-talet låg vi litt under gjennomsnittet i Europa, seier professor Helge Ryggvik. Han forskar på økonomisk historie.
På den tida dreiv Noreg mykje med å forske på og utvikle nye apparat som tv, radio og telefonar. Det blir kalla telekommunikasjon. Helge Ryggvik trur Noreg kunne vorte gode til det.
Eit anna land som gjorde suksess med telekommunikasjon, er Finland. Dei har ikkje olje, men dei tente mykje pengar på Nokia-mobilar på 1990- og 2000-talet.
Ikkje blant dei superrike
Ola Grytten, som også er professor i økonomihistorie, trur Noreg ville vore eit rikt land sjølv om vi ikkje hadde funne olje.
– Berre ikkje blant dei superrike, slik vi er i dag, seier han.
Om vi trekkjer frå det Noreg tener på olje, er vi framleis omtrent like rike som Sverige og Danmark. Desse landa ligg ikkje så veldig langt bak Noreg på lista over verdas rikaste. Det kan tyde på at vi kanskje ville hatt det ganske bra utan olje òg.
Grytten trur at vi ville satsa meir på ting som har med havet å gjere om vi ikkje hadde funne olje. Noreg tener no mykje på oppdrett av fisk, men dette ville vore endå viktigare utan olje.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:05 CEST