Noreg – eit av dei rikaste landa i verda
Kva meiner vi med at Noreg er eit av dei rikaste landa i verda?
Noreg er eit lite land. Det bur berre fem millionar menneske her. Likevel blir Noreg ofte kalla for eit av dei rikaste landa i verda.
Det er ikkje fordi vi har mest pengar av alle land i verda. Vi har til dømes mykje mindre enn store land som USA og Kina. Men dei skal dele verdiane på mange fleire enn oss. I USA bur det meir enn 300 millionar menneske. I Kina over ein milliard.
Det rikaste landet i verda per innbyggjar
Når vi legg saman verdien av alt som blir bygd og laga og blir selde i eit land, får vi det som blir kalla BNP. Det er ei forkorting for bruttonasjonalprodukt. Her er Noreg langt, langt bak USA og Kina.
Her kan du sjå eit diagram med dei 15 landa som har mest pengar i til saman. Noreg er langt bak på lista.
Men om vi deler det på alle som bur i landet, rykkjer vi heilt opp i toppen av lista. Dette kallar vi BNP per innbyggjar. Når nokon seier at Noreg er eit av dei rikaste landa i verda, er det BNP per innbyggjar dei tenkjer på.
Her kan du sjå eit diagram som viser det rikaste landet i verda per innbyggjar. Noreg er nummer tre på lista.
Dette talet seier omtrent kor mykje kvar og ein av oss har å rutte med. Det blir kalla gjennomsnitt.
Då er det berre nokre få land som kjem føre Noreg.
– Det er rett at Noreg er eit av dei rikaste landa i verda, seier Ola Grytten. Han er professor i økonomisk historie ved Noregs handelshøgskole.
Desse tala fortel ikkje korleis pengane er fordelte mellom dei som bur i eit land. I enkelte land er det nokre få som er veldig, veldig rike, og det er store ulikskapar mellom folk. Då kan mange vere fattige sjølv om gjennomsnittet er høgt.
I Noreg er forskjellane mindre enn i mange andre land.
Har vi råd til alt?
Nokon meiner at mykje meir burde vere gratis i Noreg ettersom vi er eit av dei rikaste landa i verda. Til dømes har nokon foreslått at alle barn burde få gratis mat på skulen. Andre synest at det burde vere billigare å få behandling på sjukehus, at bensin burde koste mindre eller at alle skal betale mindre skatt til staten.
– Men om vi legg saman alt dette, så hadde vi ikkje vore eit av dei rikaste landa i verda, seier professor Grytten.
Viss staten får mindre pengar, samtidig som han må bruke meir på skular, sjukehus og vegar, går reknestykket i minus.
– Skal ein prioritere alt, så vil ein bli fattig, seier Grytten.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:32 CEST