Hamburgar-økonomi
Korleis kan ein bruke hamburgarar for å forstå kor mykje pengar ulike land i verda har?
Nordmenn synest ofte at alt er veldig billig når dei dreg til utlandet. I Syden verkar prisane mykje lågare enn det dei er i Noreg.
Men det er ikkje billig for dei som bur der. Samtidig som prisane er låge, er nemleg lønningane låge òg. Eit pizzabod i Spania må kanskje bruke ein større del av lønna si for å kjøpe ein cola i Spania enn eit pizzabod i Noreg må bruke på ein cola i Noreg.
Det er fordi vi kjem frå eit av dei rikaste landa i verda at vi synest ting er billig andre stader.
13 000 Big Mac i året
Det engelske magasinet The Economist sjekkar kvart år prisane på McDonald’s-hamburgarar i heile verda. Viss Noreg bruker alle pengane sine på Big Mac, får vi 13 122 hamburgarar kvar i året. I Spania får dei 6240. I Brasil får kvar brasilianar 1668 Big Mac.
Grunnen til at dei har valt Big Mac, er at dei finst i nesten heile verda. Då går det an å samanlikne prisen mellom ulike land. Men det går sjølvsagt ikkje an at eit land bruker alle pengane sine på hamburgarar. Då blir det jo ingenting igjen til sjukehus, skular, vegar og alt anna ein treng.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31 mai 2025, 01:16 CEST