Åtte ting du (kanskje) ikkje visste om ugla

Visste du at kvitfjesugla kan gjere seg stor og brusande i det eine augneblinken og tynn som ein trestamme i det andre?

Nærbilde av en hvitfjesugle med grå og hvite fjær og gule øyne
Denne kvitfjesugla prøver ikkje å gøyme seg. Men av og til klemmer den saman fjørdrakta og knip saman auga. Forskarar trur at den gjer dette for å bli mindre synleg for farar. Foto: Shutterstock.

1. Ugla kan vri hovudet nesten heilt rundt 

Auga til ugla sit fast i hovudskallen, så dei kan ikkje kikke til sida utan å snu på hovudet. Heldigvis er ugler meistrar i hovudsnurring. Mange av dei kan snu hovudet opptil 270 grader rundt. Det betyr at dei kan vri hovudet så det peikar rett bakover og endå lenger rundt.

2. Meister i kamuflasje

Nokre ugler kan bruke fjørdrakta si til å skremme eller kamuflere seg. Hubroen blæs seg opp for å skremme. Kvitfjesugla bruser også med fjørene, men ho kan også klemme seg saman til ein tynn og ganske snodig versjon av seg sjølv. Forskarane trur at ho gjer dette for å kamuflere seg i treet.

Du kan sjå forandringa til kvitfjesugla i denne videoen.

3. Supersyn i mørket

I nattemørket ser ei kattugle opptil ti gonger betre enn menneske. Då kan ho sjå ei mus som er meir enn 300 meter unna.

4. Superhøyrsel

Ugler har ekstremt god høyrsel, og lappugla høyrer antakeleg best av dei alle. Nokre ugleartar kan finne ut nøyaktig kor eit byttedyr er berre ved å lytte. Dei kan til dømes høyre ei mus under snøen.

5. Skummel fugl i gamle dagar

I gamledagar trudde folk at ugla varsla døden. Folk trudde at ei ugle i nærleiken av huset, kunne bety at nokon kom til å døy. Det var særleg den største av uglene, hubroen, som kunne skremme folk med dei djupe ula sine.

6. Ikkje så klok som han ser ut

Ugla er ikkje spesielt klok, sjølv om ho har eit rykte på seg for å vere det.

– Ugla ser kanskje klok ut fordi begge auga peikar framover, som dei gjer hos oss menneske. Men det betyr ikkje at ho er spesielt intelligent, seier Tom Schandy. Han har skrive bok om ugler og tek ofte bilete av dei ute i naturen.

7. Harry Potter-kjæledyr

Trollmannen Harry Potter fekk snøugla Hedvig i bursdagsgåve. Viss snøugle står øvst på ønskjelista di, blir du nok skuffa. Denne kvite og vakre ugla er ein av dei mest sjeldne i Noreg. Du er heldig nok om du får sjå ein slik fugl i løpet av livet ditt.

8. Stor mamma, liten pappa

Blant ugler er hoene ofte større enn hannane. Perleugle-hoer vel seg små hannar å få ungar med. Det er lurt av ho. 

– Det er mammaen som passar ungane og reiret og pappaen som jaktar. Små hann-ugler er meir smidige enn dei store, og dei klarer å fange meir mat til familien, seier Tom Schandy.

Kjelder: Store norske leksikon og uglebokforfattar og fotograf Tom Schandy

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25 mai 2025, 00:00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.