Møt ein meteorolog
– Eg var veldig glad i å spele fotball då eg var yngre. Så det var eigentleg fotballproff eg ville bli, avslører Anders Doksæter Sivle. Anders vart ikkje fotballproff. Han vart meteorolog og forskar no på vêret ved Meterologisk institutt.
Det er Anders glad for i dag. Han har alltid synst at matematikk og naturfag var morosamt. Meteorologi handlar heldigvis om begge delar.
Nyttig matematikk
Anders hadde lyst til å jobbe med noko som fleire enn han sjølv syntest var spennande og viktig. "Alle er jo opptekne av vêret, så kvifor ikkje lære meg å varsle vêret?", tenkte han. Det er nemleg mykje spennande fysikk og matematikk i lufta.
– Det vi oppfattar som vêr, skjer i luftlaget nærast jorda – anten det er skyer eller vind, regn eller snø. I dette luftlaget finst det mange ulike gassar og partiklar som vi meteorologane lærer oss å forstå. Slik kan vi varsle vêret til folk. Og ved hjelp av matematikk kan vi til og med fortelje folk korleis vêret vil bli i framtida.
Lagar vêrsymbol
Meteorologane bruker ulike symbol (teikningar) når dei varslar vêret på tv eller på nettet. Eitt symbol kan vere ei stor sol, som betyr sol og skyfritt. Eller det kan vere ei grå sky med eit par blå strekar under, som betyr litt regn. Det er viktig at vi forstår desse symbola, slik at vi er førebudde på dårleg vêr.
Anders har leidd Forskingskampanjen om skyer. Her har skuleelevar teke bilete av skyer og gitt dei vêrsymbol som dei har oppfatta som rette for dei ulike skytypane.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22 mai 2025, 00:13 CEST