Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Mammatre tar seg av ungane sine"

Leit etter problemstilling, hypotesar og metode i ein artikkel om korleis ein skogforskar studerte tre som er i familie.

Oppgåvene er laga til ein artikkel frå Nysgjerrigper nr. 3-2018.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Finn forskinga i artikkelen

Mange av artiklane i Nysgjerrigper-magasinet byggjer på konkret forsking. Dei er skrivne etter ein mal som gjer det enkelt for lesaren å skjønne kva forskarane har tenkt og gjort for å komme fram til resultata.

Fyrst seier dei noko om forskingsspørsmålet, problemstillinga, og kva dei trur dei kjem til å finne, hypotesane. Vidare skriv dei om korleis dei har jobba, metoden. Så presenterer dei kva dei har funne ut, resultata, og til slutt kjem ein konklusjon.

Denne strukturen kjenner vi att frå Nysgjerrigper-metoden, som er framgangsmåten dei fleste nyttar i Nysgjerrigper-konkurransen. For elevar som sjølv forskar eller skal i gang med forsking, kan det difor vere nyttig å sjå korleis ein skriv ein forskingsartikkel.

Læraren bør tilpasse ordbruken til elevane. På lengre sikt skal dei lære seg fagomgrepa, men om det er fyrste gong elevane leiter etter ei problemstilling, kan ein gjerne omformulere og bruke ord og vendingar som er meir kjente for elevane.

Det kan vere formålstenleg å introdusere fagomgrepa munnleg fyrst, så elevane blir vane med kva dei tyder. Spørsmålet på elevsida er skrive i eit kvardagsleg språk, for at alle skal kunne finne svara.

Sentrale ord

  • Problemstilling – forskingsspørsmål
  • Hypotese – kva forskarane trur dei kjem til å finne ut
  • Metode – korleis forskarane undersøkjer spørsmålet sitt
  • Resultat – kva forskarane finn ut
  • Konklusjon – korleis forskarane forstår det dei fann ut, og om dei hadde trudd rett frå starten

Oppgåver til elevane

1. Fleip eller fakta

  1. Les setningane. Kryss av for fleip eller fakta.
  2. Finn beviset for at setninga er fleip eller fakta, i artikkelen.
  3. Samanlikn svara dine med svara til ein annan.

2. Finn forskinga i artikkelen

Jobb saman i par.

  1. Kva ville skogforskaren Suzanne Simard finne ut meir om?
  2. Kva trudde forskaren ho ville finne ut om sopptråd-koplingane?
  3. Korleis sjekka forskaren om hypotesen var rett?
  4. Kva fann forskaren ut?
  5. Kvifor uroar forskaren seg for den moderne skogsdrifta?

3. Detektivlesing

  1. Kva treng eit trefrø for å vekse?
  2. Kvifor er det ekstra lurt for bjørk og gran å samarbeide gjennom sopptrådnettet?
  3. Kva for funksjon har den delen av soppen som veks over jorda?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 04:39 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.