Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Zzzzzz ... vekk meg til våren!"

Elevane skal nytte eit flytskjema for å forstå innhaldet i artikkelen, som handlar om ulike måter insekt taklar vinteren på.

Bilde av artikkelen slik den ble vist i Nysgjerrigper-bladet
Artikkelen er henta frå Nysgjerrigper nr. 4-2016.

Last ned materiellet:

Lærarrettleiing

Flytskjema

I eit flytskjema kan ein framstille val eller konsekvensar steg for steg. Ein les flytskjemaet frå øvst til nedst, følgjer linjene og vurderer spørsmåla etter kvart som dei kjem. Flytskjema blir til dømes nytta i naturfag for å bestemme artar eller for å identifisere problem med maskinar i heimen.

Som lesestrategi eignar eit flytskjema seg dersom teksten er kompleks og handlar om ulike løysingar på same problem. Det er tilfellet i "Zzzzzz ... vekk meg til våren!", som handlar om ulike måtar insekt taklar vinteren på. Nokre drar sin veg, nokre gøymer seg, andre held ut sitjande på husveggane.

Flytskjemaet elevane skal nytte, er tilpassa teksten. Spørsmål og løysingar ein les om i teksten, står i dei raude boksane. Ut frå mange av desse er det gule boksar merka med blyantar. Det er desse boksane elevane skal fylle ut.

Start frå toppen: Kva gjer insekta når det byrjar å bli kaldt?

Det er to løysingar:
1. Drar til Syden
2. Blir i Noreg

Kven drar til Syden? Finn svaret i teksten, og skriv blomsterfluge på linja saman med elevane.

La dei jobbe vidare saman to og to:
Kven blir i Noreg?.........................

Elevoppgåver

1. Kva gjer insekta om vinteren?

a. Tenk over kva du trur insekta gjer om vinteren.

1. Gjer alle det same?

2. Overlever dei?

b. Snakk saman om kva de trur.

2. Flytdiagram

Jobb saman to og to.

Fyll ut flytdiagrammet, frå toppen til botnen. Skriv i boksane merka med blyantar.

Eksempel: Kva gjer insekta når det byrjar å bli kaldt?

Nokre drar til Syden – Kven? Skriv i boksane kven som drar til Syden. Blomsterfluge

Jobb vidare: Kven blir i Noreg? Skriv i boksane merka med blyantar i flytdiagrammet.

3. Detektivlesing

a. Kva gjer kålsommarfuglen om vinteren?

b. Kvifor må nokre insekt lage frostvæske i kroppen om vinteren?

c. Kva har dei tre vaksne insekta på bileta til felles?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 06:27 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.