Menneskets eldste venn?

Fersk forsking viser at forholdet mellom menneske og trekkhundar er mykje eldre enn vi trudde.

Trekkhund
Sibirsk husky. Foto: Getty Images

For dei aller fleste av oss er hundar kjæledyr. Trufaste leikekameratar,  pinnehentarar og turvenner. Men hundar kan òg vere heilt nødvendige hjelparar – både i kvardagslivet og på ekspedisjonar.

I dei nordlegaste delane av verda har trekkhundane vore svært viktige. Trekkhundar er hundar som trekkjer sledar. I sleden kan det til dømes vere menneske, proviant, telt og sovepose. Takka vere trekkhundane har menneske klart å utforske nokre av dei kaldaste og mest ugjestmilde stadene i verda. Før snøskuterane, lastebilane og flya kom, var sledar dregne av trekkhundar den einaste måten å transportere menneske og varer på i arktiske strøk.

To jenter på hundeslede
Trekkhundar er hundar som trekkjer sledar.

Sibirsk slektning

Vi har lenge visst at forholdet mellom menneske og trekkhundar er gammalt. No har ei gruppe forskarar funne bevis for at det genetiske opphavet til dagens trekkhundar er nesten 10 000 år gammalt. Kunnskapen er basert på undersøkingar av "Zhokhov", leivningane av ein 9500 år gammal hund funnen i Sibir i Russland. Arkeologane som fann Zhokov for nokre få år sidan, gjekk ut frå at han kunne vere stamfar til fleire moderne hunderasar. Men dei tenkte ikkje då på at han hadde noko med trekkhundar å gjere, for mennesket byrja først å bruke trekkhundar mykje seinare, trudde dei. Den nye studien fortel ei anna historie: Trekkhundane vi har i dag – rasar som grønlandshund, sibirsk husky og alaskan malamute – deler mesteparten av genane sine med den urgamle Zhokov.

– Dette betyr at moderne trekkhundar og Zhokhov hadde det same opphavet i Sibir for meir enn 9500 år sidan. Til no har vi trudd at trekkhundane berre var mellom 2000 og 3000 år gamle, seier professor Shyam Gopalakrishnan til tidsskriftet "Science Daily".

Grønlandshundar

Men det stoppar ikkje der! Forskarane ville nemleg finne ut endå meir om opphavet til trekkhundane. Derfor forska dei vidare på arvematerialet til den moderne grønlandshunden. Denne hunderasen blir rekna som den eldste av dei nolevande rasane. Forskarane samanlikna genane til grønlandshundane med genane frå ein 33 000 år gammal ulv. Den hadde ei gruppe arkeologar funne i Sibir, akkurat som hunden Zhokov. 

– Vi kan sjå spor av kryssavling mellom grønlandshundane og den 33 000 år gamle sibirske ulven. Vi fann ikkje nokon slik samanheng mellom moderne ulvar og grønlandshundar. Dette understrekar at opphavet til moderne trekkhundar ligg mykje lengre tilbake i tid enn vi har trudd, seier Mikkel Sindige, ein av forskarane bak studien.

Illustrasjon: Tank.no

Spesiell mat

Den nye forskinga gir oss òg fleire spennande innblikk i korleis trekkhundane skil seg frå andre moderne hunderasar. Mellom anna trivst trekkhundane med meir feitt- og proteinrik mat. Næringsinnhaldet skal helst likne det vi finn i selkjøtt – som urfolk i Arktis har ete i tusenvis av år. 

– Kosthaldet viser at trekkhundar og menneske i Arktis har arbeidd og tilpassa seg omgivnadene saman i meir enn 9500 år, seier Shyam Gopalakrishnan. Med andre ord: Skal du få deg ein grønlandshund eller sibirsk husky i dag, må du hugse at den søte kvalpen stammar frå hundar som
utvikla seg i nokre av dei tøffaste miljøa i verda. Derfor er det svært viktig at han får i seg mykje protein og feitt, får mykje mosjon og ikkje blir utsett for høge temperaturar over lang tid.

Ein glad trekkhund er ein kald trekkhund! 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 17:54 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.