Då skateboard var forbode

Tenk deg at sporten du elskar, plutseleg blir forboden. Det du har gjort kvar dag, får du plutseleg ikkje lov å gjere lengre. Og det er ikkje mamma eller pappa som stoppar deg, det er dei som styrer landet vårt.

Gult skateboard med rødt forbudsskilt
Foto: Getty Images

Sjølv om det er litt vanskeleg å tru, var det frå 1977 til 1989 forbode å kjøre skateboard i Noreg. Dersom politiet såg deg suse ned på brett i ei bakgate, kunne dei gi deg bot og ta frå deg brettet.

Tommy Langseth forskar på brettsport og kan fortelje oss litt om skatehistoria.

– Både skateboard og snowboard stammar frå bølgjesurfing på sjøen, seier Tommy.

Det starta med at surfarane i California kjeda seg når det ikkje var bølgjer. Derfor laga dei eigne skateboard. Samtidig, i 1976–1977, var det tørke i området – og ulovleg å fylle opp svømmebasseng med vatn. Det viste seg at dei tomme bassenga var perfekte å skate i. Slik blei basseng til dei fyrste rampane.

Eit farleg leiketøy?

Kvifor akkurat skateboard blei forbode i Noreg, er det fleire grunnar til, fortel Tommy.

– Nokre meinte at det var politikarane som ikkje likte korleis skatarane tenkte og oppførte seg. Men ein viktig del av historia var at Noreg hadde fått informasjon frå blant anna USA om at skateboard var farleg. Det var nemlig fleire som hadde skada seg då dei skata.

I Noreg har vi ein lov som forbyr produkt som kan føre til helse- eller miljøskade. Rullebrettet var eit helsefarleg produkt, meinte myndigheitene, og i 1977 blei det heilt forbode å importere, selje og bruke rullebrett.

– Eit anna argument mot skating var at myndigheitene trudde det ville bli for travelt for helsevesenet i Noreg, med så mange som skada seg på skateboard, fortel Tommy.

Det at skateboard blei sett på som leiketøy og ikkje sportsutstyr, hadde nok også ein del å seie.

– Det finst fleire sportar som fører til skadar, men sporten blir likevel ikkje forboden. Farlege leiketøy, derimot, det vil ingen gi til barna sine, seier Tommy.

svarthvitt bilde av glad jente som skater på gata på 70-tallet
VISER FRAM SKATEBOARD: I siste halvdel av 1970-talet blei skating populært i mange land. Her er 18 år gamle Robin Alawai frå California på besøk i London for å vise fram skateboard. Bildet er frå 1976. Foto: NTB scanpix

Smugla rullebrett

Forbodet førte likevel ikkje til at skatarane slutta. Dei byrja heller å skate i smug. Tommy fortel om folk som smugla brett til Noreg då dei hadde vore i utlandet på ferie.

– Dei var redde for at lensmannen skulle ta brettet deira, seier han.
Det finst også historier om skatarar som skada seg og måtte på legevakta. Då måtte dei lyge og seie at det var ein handball- eller fotballskade for ikkje å bli tekne i "å ha skata".

Strektegning av skater med teksten skateboarding is not a crime
HEILT LOVLEG: Du har kanskje sett klistremerke som det står «skateboarding is not a crime» på. Slagordet betyr at skating er blitt lovleg igjen.

Frå skurkar til heltar

I 1989 fann heldigvis regjeringa ut at skating ikkje var farlegare enn mange andre sportar, men derimot god trening og fantastisk gøy. Då vart det jubel hos skatarane. Plutseleg gjekk dei frå å vere ulovlege til å bli heltar!

To som skatar

Gutt og jente i skatehall
Ilja Skaug Andersen (8) og Luis Stranger Engfelt (7) kosar seg i Oslo skatehall.

Ilja Skaug Andersen (8 år) og Luis Stranger Engfelt (7 år) kosar seg i Oslo i Skatehall. Her kan dei skate året rundt. At skating tidlegare har vore forbode, synes dei er merkelig.

– Det var ein skikkeleg teit regel. Kva er liksom problemet med å skate? Folk ramlar og slår seg uansett om dei skater eller ei, meiner Ilja.
Luis er einig. Han fortel om faren sin som skata i den ulovlege tida.

– Faren min måtte skate på ein hemmeleg rampe i skogen. Det er eg glad eg slepp å gjere.

Dei har begge skata i fleire år. Men det har ikkje alltid vore så lett å droppe ned dei store rampane. Skating krever nemlig mykje øving.

Jente som skater
Ilja vil skate for alltid.

– I starten falt eg litt, då blei eg litt sur, men etter kvart gjekk det ganske bra. Då ville eg bare skate endå meir, fortel Ilja.

– Det som er gøy med å skate, er at ein kan gjere kva ein vil på brettet, og i dei største rampane kjennes det som ein flyg, seier Luis.

– Det er deilig å kjenne lufta når ein dropper, og det å kjenne at ein klarer det! seier Ilja.

Ilja og Luis er einige om at dei vil skate for alltid.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 02:01 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.