Lesekroken: Undervisningsopplegg til "Då skateboard var forbode"

I artikkelen som handlar om skateboard-historie i Noreg, er det nytta symbol for å vise at skateboardet var forbode. Elevane får i oppgåve å lage eigne forbodsskilt.

Artikkel om skateboard-historie oppslått med oppgaveark
Artikkelen om skateboard-histore er henta frå Nysgjerrigper nr. 3-2020, som kjem ut 14. september.

Last ned materiellet til utskrift:

Lærarrettleiing

I artikkelen som handlar om skateboard-historie i Noreg, er det nytta symbol for å vise at skateboardet var forbode. Det er laga ein ring med strek gjennom over eit skateboard, nett som på trafikkskilt. For å komme inn i tankegangen om at ein kan gi beskjed om at noko er forbode, skal elevane fyrst søke på internett etter skilt som syner at noko er forbode.

1. Søk saman i klassen eller aleine etter skilt som viser at noko er forbode.

Skriv "forbudsskilt" eller "forbodsskilt" og trykk på "bilde", så de berre får fram bilde av skilt. Snakk saman:

  • Korleis ser skilta ut? (Farge, form, strekar, bilde inni, type teikningar)
  • Kva er felles for dei ulike skilta?
  • Beskriv skilta med fagomgrep, så nøye som mogleg.
  • Raud sirkel
  • Kvit botn
  • Raud strek som går ned frå venstre mot høgre, som frå 10 til 5 på ei klokke
  • Streken går over det som er forbode
  • Svart teikning frå sida, todimensjonal, av det som er forbode
  • Kva for saker er forbodne (å køyre inn, å nytte bil/sykkel/skateboard, å ta med noko, for eksempel hund/paraply, å gjere noko som å symje / lufte hunden / rope)?

2. Elevane skal no lage sitt eige skilt av noko som skal vere forbode:

  • Noko dei vil skal vere forbode
  • Noko dei absolutt ikkje vil skal vere forbode
  • Noko som det hadde vore rart eller moro å forby

Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. november 2024, kl. 15.27 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.