Folk har vorte kaldare

Kor varmt er eit friskt menneske? "37 grader", er det vanlege svaret. Men det stemmer ikkje lenger.

Tegning av mann fra 1860 med kroppstemperatur 37 grader og av mann og dame fra 2017 med kroppstemperatur 36,6 grader
Kroppstemperatur har endra seg. Illustrasjon: Tank.no

Den tyske legen Carl Reinhold August Wunderlich levde på 1800-talet. Han fann ut at folk vanlegvis hadde ein kroppstemperatur på rundt 37 grader. No viser nye målingar at folk er nesten ei halv grad kaldare – rundt 36,6 grader. Tok Wunderlich feil? Nei, trur ei gruppe forskarar frå Stanford-universitetet i USA.

Kaldare og kaldare

Forskarane trur rett og slett at folk har vorte kaldare dei siste 160 åra. Forskarane samanlikna tusenvis av temperaturmålingar. Dei eldste var frå 1860, dei nyaste frå 2017. Det viste seg at dess seinare folk var fødde, dess kaldare var dei. Menn som lever i dag, er til dømes om lag 0,6 grader kaldare enn mennene var i 1860. Kvinner har vorte 0,3 grader kaldare.

Friskare enn før

Forskarane trur den lågare kroppstemperaturen kjem av at vi er friskare enn før. Mange sjukdommar gjer nemleg at temperaturen aukar, at vi får feber.
Temperaturen i husa våre er òg meir behageleg enn han var på 1800-talet. Dermed slepp kroppen å varme seg opp like mykje på eiga hand.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. april 2024, kl. 11:11 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.