Snøen som forsvinn

Er du ein av dei heldige som får snø om vinteren? Etter kvart vil dei kvite, kalde fnugga bli enda sjeldnare. 

Illustrasjon av en snømann som smelter.
I Noreg blir vinteren kortare, og fleire stader vil få regn i bytte for snø vinterstid. Illustrasjon: Tank.no.

FNs klimapanel meldar at temperaturendringane på kloden vår skjer raskare enn vi trudde tidlegare. 800 forskarar fra 85 land sit i panelet, og til saman har dei gått gjennom tusenvis av forskingsresultat frå heile verda. Den siste spesialrapporten frå dette arbeidet kom hausten 2019 og handlar om hav og is. 

Rask smelting 

Rapporten fastslår at isen ved polane hald fram med å smelte, og at det går raskt. Dette fører til at havnivået stig, at sjøen blir varmare, og at det blir færre døgn med snø. I Noreg blir vinteren kortare, og fleire stader vil få regn i bytte for snø vinterstid. 

Gulgrøne vintrar 

Gustav Bø Gurandsrud (11) og Milla Eivindsdatter Hausken (10) kjem frå ein plass der dei allereie er vant til lite snø. Dei bur nær sjøen på Vestlandet i Rogaland. Vanlegvis må dei reise opp i fjella for å få prøvd skia sine. 

– I fjor kom det nesten ikkje snø i Stavanger. Det er dumt, for da kan vi ikkje ake og slikt. Alle elskar jo å ha det gøy i snøen, seier Gustav. 

Andre stader i Noreg har vintrar med lite snø vært meir uvanleg. Men no kjem det fleire og fleire vinterdagar i lavlandet utan det kvite teppet. 

Fleire folk vil få like gulgrøne vintrar som Gustav og Milla. Vil ein gå på ski og leike seg i snøen, må ein oftare reise høgt til fjells. Der oppe er det kaldare og meir snø. 

4 gradar varmare klode? 

Det at nokre får så lite snø at skia blir grøne av graset under dei få snøfnugga, er likevel ikkje det verste med klimaendringane. Dersom middeltemperaturen på kloden blir 4 gradar varmare, vil verda få enorme problem med meir tørke, svolt, oversvømde landområde og utrydding av dyreartar. Denne situasjonen vil truleg føre til meir krigar, konfliktar og store folkevandringar. 

Kvifor snakkar vi om akkurat «4 gradar»? Jo, fordi det er den auken FN har rekna ut at vi får – frå «førindustriell tid» (1850) til nær framtid (2100) – dersom landa i verda ikkje endrar politikken sin. 

Årsaken til temperaturauken er klimagassutslepp på grunn av menneskeleg verksemd, seier FNs klimapanel. Den klimagassen som skapar mest problem, er CO2 – som mellom anna kjem frå bilar, fly og fabrikkar som brukar olje, kol og gas. Metan frå husdyr er ein annan farleg klimagass. 

Klarar vi det saman? 

Fordi menneska har skulda for temperaturauken, kan menneska sjølv redde situasjonen. Dei kan rett og slett halde opp med å sleppe ut dei farlege klimagassane! 

FNs klimapanel har eit mål:At vi skal greie å halde temperaturauken i verda på maks 1,5 gradar. Skal vi få til det, må vi allereie i 2030 sleppe ut berre halvparten av den mengda klimagassar vi slepper ut i dag. Det klarar vi berre dersom alle landa samarbeider om ein politikk som verkar. 

Med 1,5 gradar oppvarming vil menneska i verda ikkje få like enorme vanskar som med 4 gradar oppvarming. I Norge vil det bli mindre snø enn i dag – men likevel mykje meir enn dersom temperaturen aukar med heile 4 gradar.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 22:53 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.