«Du får mark i magen!»

Den kvite nysnøen er ikkje berre vakker å sjå på, nokre gonger er han så freistande at du kan få lyst til å ete litt av han òg. Men bak deg høyrer du: "Ikkje et, du får mark i magen!".

Illustrasjon av en gutt som spiser snø.
Skitten og gulaktig snø er det lurt å styre unna! Illustrasjon: Tank.no.

Ei liknande åtvaring har nok dei fleste barn fått. Kanskje endte det med at du spytta snøen rett ut igjen? Eller kanskje fekk du litt vondt i magen berre av tanken på marken som kravla der inne? Frå no av skal du ikkje uroe deg over åtvaringa om mark i snøen.

Snøen har ikkje skylda

Ørjan Olsvik er professor i medisinsk mikrobiologi og kan det meste om bakteriar og andre små vesen. Han kan fortelje at mark i magen ikkje kjem frå snø.

– Marken i magen smittar ikkje frå snø, men frå menneske til menneske. På latinsk heiter krypa Enterobius vermicularis. Dei kan bli mellom 5 og 10 millimeter lange. Marken ligg i tarmen og kjem ut av rumpa slik at det klør. Han er ikkje farleg, og ein blir kvitt problemet ved å ta ormekur, eller så forsvinn han når du blir eldre, fortel Ørjan.

Ein jafs

Forskaren anbefaler ein jafs fin kvit nysnø dersom du blir tørst på tur. Dette er gode nyheiter for alle som likar snø! Skitten og gulaktig snø er det derimot lurt å styre unna.

– Det skal du ikkje ete. Spesielt ikkje seint i sesongen, då alt som har falt ned i løpet av vinteren, ligg på snøen. Da er det ekstra skittent, seier Ørjan.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 07:01 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.