Vil hesten ha klede i kulda?

Mange hesteeigarar har dekken på hesten sin når det blir kaldt ute. No har hestane sjølv gitt svar på om dei ønsker dekken.

Illustrasjon av en hest som står ute i kulda med et dekken over seg.
Hest med dekken på ein kald vinterdag. Illustrasjon: Tank.no

Kastar kleda  

Sjølv om hestar har pels, kan dei trenge litt ekstra klede i vinterkulda. Samtidig er det ubehageleg for hesten å bli for varm. Så når bør dekkenet på? 

Ei gruppe norske forskarar har undersøkt kva hestane sjølv synest.  

Svarte med mulen 

Men hestane kan jo ikkje snakke, tenker du kanskje. Nei, det kan dei ikkje. Derfor vart 23 hestar trena i å gi svar ved å røre ulike skilt med mulen. Hestane hadde eitt skilt for «dekken på», eitt for «dekken av» og eitt for «uforandra». 

Kastar kleda 

Resultatet viste at hestane ikkje alltid valde det same som eigarane. 

Over halvparten av hestane føretrekte dekken viss temperaturen var under null. Og nesten alle ville ha dekken viss det var under ti kuldegrader. 

Men vêret hadde òg mykje å seie. Viss sola varma, ville mesteparten av hestane ta av dekkenet, sjølv om temperaturen var ned mot ti kuldegrader.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 00:37 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.