50 år sidan månelandinga

Då astronauten Neil Armstrong klatra ut av romfartøyet Apollo 11, var han det første mennesket som sette føtene sine på månen.

Tre astronauter sitter med sine romdrakter klare til å dra ut i verdensrommet
Apollo 11-mannskapet var Neil Armstrong, Michael Collins og "Buzz" Aldrin. Foto: NASA

1969 vart Apollo 11 skoten opp frå romfartsanlegget John F. Kennedy Space Center i USA. Romskipet var sett saman av ein hovuddel – Columbia, og eit landingsfartøy som heitte The Eagle. Om bord var amerikanarane Neil Armstrong, Edwin «Buzz» Aldrin og Michael Collins.

Ekstrem fart

Under oppskytinga gjekk Apollo 11 så fort at det er vanskeleg å førestille seg. Toppfarten var på ikkje mindre enn 11 kilometer i sekundet, eller cirka 40.000 kilometer i timen. Eit vanleg rutefly går vanlegvis i rundt 800–900 kilometer i timen.

Etter fire dagars ferd gjennom verdsrommet, nærma Apollo 11 seg målet. No skulle Neil Armstrong setje landingsfartøyet The Eagle trygt på måneoverflata. Det var berre Armstrong og Aldrin om bord i The Eagle. Michael Collins måtte vere igjen i hovudfartøyet Columbia, som gjekk i bane rundt månen.

Dramatisk landing

Den amerikanske romorganisenig NASA hadde planlagt månelandinga nøye. Men på denne tida var ikkje datamaskiner så kraftige. No viste det seg plutseleg at datamaskina som skulle sørgje for at The Eagle landa automatisk, hadde for liten kapasitet!

Astronaut poserer ved siden av det amerikanske flagget på månen.
Månen er den einaste himmellekamen, utanom jorda, som eit menneske har sett føtene sine på. Foto: NASA

Neil Armstrong måtte dermed finne ein stad dei kunne lande på eiga hand. Ved romsenteret i USA var det mange som følgde månelandinga, og bakkemannskapa vart kjempenervøse. The Eagle var nemleg i ferd med å gå tom for drivstoff. Men Armstrong klarte heldigvis å lande i siste augneblinken.

Etter knapt eit døgn på månen starta dei tre astronautane på reisa tilbake til jorda. Dei landa trygt i Stillehavet den 24. juli 1969.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 03:22 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.