Møt ein forskar: sosiolog Mette Løvgren

Mette har spurt tusenvis av barn om korleis dei har det. Ho har mellom anna funne ut at 60 prosent kjeder seg i skuletimane.

Porterettfoto av Mette Løvgren.
Mette Løvgren forskar på ungdom ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA. Foto: Privat.

Mette arbeider med ei stor undersøking om barn. Den heiter Ungdata junior. Her spør forskarane barn frå 10 til 12 år om korleis dei har det. Forskarane byrja med barn i Asker og Bærum, og no skal dei spørje barn i resten av landet.

– Det har vore veldig morosamt å få vite meir om barn i denne alderen. Tidlegare har vi berre spurt dei som er litt eldre, altså tenåringane, seier Mette.

1 av 5 barn gruer seg til å gå på skulen 

Svara frå Asker og Bærum viser at dei fleste barna stort sett har det bra, men at det dessverre er ein del som gruer seg til å gå på skulen. Eitt av fem barn seier at dei gruer seg, mens meir enn halvparten, seks av ti, seier at dei kjedar seg i skuletimane.

Ganske mange har opplevd at andre har skrive sårande ting til dei eller om dei på nettet eller mobilen. Barna fortel òg at dei av og til har vorte stengde ute frå sosiale fellesskap på nettet.

Mette synest det er veldig bra at skular og politikarar får vite meir om korleis 10-12-åringane har det. Dermed kan dei lettare finne løysingar som gjer det betre, både på skulen og i fritida.

Sosiologi 

Mette er utdanna sosiolog. Sosiologi er eit fag som handlar om korleis menneske ber seg åt overfor kvarandre, korleis vi fungerer saman, og korleis dette skaper samfunnet.

Ho seier ein kan gjere sosiologisk hobbyforsking i vennegjengen. Til dømes kan ein høyre om nokon av vennene gruer seg til skulen. 

Viss nokon svarer ja, så kan ein spørje kvifor. Har det med timane å gjere, med læraren? Kanskje er det friminutta? Så kan ein snakke saman om dette og hjelpe kvarandre.

Da Mette var yngre, var det heilt andre yrke ho drøymde om. – Da eg var lita, ville eg først bli frisør, så advokat. Også ville eg reise verda rundt. Trur ikkje eg visste kva ein sosiolog var ein gong.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 15:16 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.