Møt den mystiske beveren

Beveren har svømmebriller og eigen kam til å greie pelsen med. Og visste du at vi menneske brukte å ete tisset til beveren? Forskar Frank Rosell kan det meste om beveren.

Bilde av Frank som holder en beverunge i armene, det er kveld og Frank har en hodelykt på hodet.
Frank Rosell har fanga ein beverunge. Men det kan ein berre gjere viss ein er beverekspert og har løyve. Foto: Christian Andre Robstad

Livet er merkeleg. Då Frank Rosell voks opp, tenkte han ikkje noko særleg på beverar i det heile. Han hadde ikkje sett ein bever eingong. Men så, då han var blitt 21 år, skjedde det. Ein dag Frank var på tur med hunden sin, fekk han sjå det merkelege dyret vagge opp av vatnet berre nokre meter unna. Midt på lyse dagen! Den store beveren sette seg roleg på halen og begynte å stelle pelsen. Frå den augneblinken var Frank frelst. For eit fantastisk dyr!

Ville forske

Han ville finne ut alt om beverar. Men det var enklare sagt enn gjort. For det fanst lite informasjon om det mystiske dyret. Nesten ingen hadde forska på det. Då bestemte Frank seg for å gjere det sjølv. No kan han så mykje om beveren at han nesten ikkje veit kvar han skal begynne.

Tett pels og dykkarbriller

Han fortel at beverpelsen er så tett at vatnet ikkje kan trengje inn til huda. Dermed har beveren både vinterjakke og ei tørr dykkardrakt. Og det kan han jo trenge. Beveren lever mykje av livet i vatn, og han kan halde pusten i heile åtte minutt! Når beveren dykkar, lukkar han igjen øyra. Og framfor auga kjem ei hinne som verkar akkurat som ei dykkarbrille.

Nærbilde av en bever som gnager på en trestamme
Beveren har så sterke kjevar og kraftige tenner at han kan felle store tre. Foto: Shutterstock.

Medfødd kam

Ja, og så var det kammen, då. Etter svømmeturen kan beveren setje seg på breidda og greie igjennom pelsen med to spesielle klør på bakbeina: ein eigen, medfødd kam!

Liknar menneske

– Dei liknar litt på oss menneske, seier Frank. Beverane held saman i par, og finn eit tjern eller ei elv dei har lyst til å bu ved. Viss elva er lita, hogger dei ned store tre for å lage ein demning. Så byggjer dei ei fin hytte av kvistar og greiner, med hemmeleg inngang under vatn.

Familielykke

Snart blir eit par søte beverbarn fødde. Dei får godt stell av mor og far. Etter kvart hjelper ungane til med å passe på yngre søsken. Her er det full familielykke! Unge vaksne som flytter ut, får til og med flytte heim igjen litt viss det er vanskeleg for dei å finne si eiga elv eller sin eigen bekk.

Tøff type

Men ute blant framande kan beveren vere ein tøff type.

– Viss du undersøkjer skinnet eller halen til ein bever, finn du masse merke etter bit, seier Frank. Dyra kan kome i skikkeleg slåstkamp, for eksempel når dei kranglar om ein god levestad. Dei gyv laus på kvarandre med tenner som er skarpe og store nok til å hogge tre! Av og til endar det med døden.

Redd menneske

– Beveren er ikkje til å spøke med, seier Frank. – Han er vanlegvis redd for menneske og vil heller flykte enn å angripe oss. Men det er best å kikke på han på avstand. Og ikkje prøv å klappe han!

Men når alt kjem til alt, er vi menneske mykje farlegare for beveren enn den er for oss. Vi er faktisk så farlege at vi nesten utrydda beveren frå heile Europa.

– Det var berre 80 eller 100 beverar igjen i Noreg. I Sverige og Finland var det ingen, held forskaren fram.

Tiss på menyen

Sidan beveren både hogger tre og byggjer demningar og hytter, er det lett å sjå kvar han bur. Då blir det også lett å jakte på han. Menneska drap beverar både for å ete dei og for å bruke pelsen. Dessutan var mange folk temmeleg ville etter bevergjel. Og det er jo litt rart, sidan bevergjel eigentleg er tiss! Beveren samlar klumpar av konsentrert urin i ein slags pose ved halen. Dette stoffet blir kalla bevergjel. Det luktar sterkt, og beveren gnir det på små haugar av jord i området der han bur. Det er eit signal til andre beverar. Lukta seier: Her bur det nokon frå før! Hald deg unna!

Magiske eigenskapar

Men før trudde menneska at bevergjel hadde nesten magiske eigenskapar. Dei brukte det mot leddgikt og hoggormbit. Og jegerar drakk ein alkoholdrikk med bevergjel i.

Forbode å jakte på

No har vi heldigvis kome på betre tankar. Det vart forbode å jakte på beveren, og i dag finst det heile 70 000 beverar i Noreg. Det er bra, synest Frank. For beveren gjer så mykje fint for naturen rundt seg. Når han lagar demningar, gjer han tørre område fuktigare. Og tre han kappar ned, blir mat for både insekt, hare og rådyr.

Har skrive bok

– Beveren lagar gode leveforhold for mange andre dyr, seier Frank, som snart er ferdig med ei heil bok om beverar. Han og forfattaren Neha Naveen har skrive om beveren Bjørk som blir flytta til Skottland, der beverane var heilt utrydda.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. april 2024, 16:44 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.